Medvitsstraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Medvitsstraum eller stream of consciousness vert i psykologien kalla den konstante straumen av vekslande tankar og kjensler som eit menneske har i medviten tilstand. Omgrepet vart for fyrste gong bruka av den amerikanske psykologen William James i boka Principles of Psychology i 1890.

I litteraturteori vert omgrepet kalla ein litterær teknikk som i ekstrem grad set til livs ein indre synsvinkel ved å attgje medvitsstraumen til ein person. Omgrepet vart introdusert i litteraturteorien av May Sinclair.

Tidlege døme på medvitsstraum kan ein finne i Thomas Brownes The Garden of Cyrus frå 1658, i Tristram Shandy av Laurence Sterne frå 1760 og The Narrative of Arthur Gordon Pym of Nantucket av Edgar Allan Poe frå 1837-38. Leo Tolstoj brukar ein liknande teknikk mot slutten av Anna Karenina frå 1877. Nokon vil hevda at Ovids Metamorfosar ber preg av medvitsstraum.

Dei meste kjende verka frå moderne litteratur med innslag av medvitsstraum er:

I norsk litteratur kan ein finne innslag av medvitsstraum i nyromantikken, t.d. hos Sigbjørn Obstfelder. Det er heller ikkje uvanleg å knyta nemninga til Hamsuns Sult, sjølv om framstillinga av det indre livet til personen her er sett i tilbakeblikk. Frå 1950-talet er teknikken teke i bruk av ei lang rekkje forfattarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]