Mega Drive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den europeiske originalutgåva av Sega Mega Drive.
Sega Mega Drive II.

Sega Mega Drive er ein 16 bits spelkonsoll som vart produsert av det japanske føretaket SEGA, for å erstatte den 8 bits spelkonsollen Sega Master System, som var utdatert og mista marknadsandelar, særleg mot Nintendo. I Nord-Amerika fekk spelkonsollen namnet Sega Genesis på grunn av diverse lisensieringsproblem. Mega Drive vart sloppen den 29. oktober 1988 i Japan, og i Europa ikkje før den 30. november 1990.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Mega Drive brukte ein dedikert VDP (Video Display Processor) som var ei oppdatert utgåve av brikka i Sega Master System, ei derivrert utgåve av Texas Instruments si TMS9918 prosessor.

All data gjeld for den europeiske PAL-utgåva, prossesorane i dei amerikanske NTSC-maskinene gjekk noko raskare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

16-bits heimedatamaskiner som Commodore Amiga og Atari ST, samt 16-bits spelkonsollar, utkonkurerte 8-bits baserte videospel på slutten av 1980-talet. På denne tida hadde Nintendo 95 % av den nordamerikanske marknaden, samt 92 % av den japanske. Sega Master System hadde feila totalt i begge desse områda, så SEGA bestemde seg difor for å konstruere ei ny maskin.

16 bits videospel som Sega hadde utvikla for arkademaskiner basert på Sega System 16, var ein stor suksess, så dåverande sjef for Sega, Hayao Nakayama, bestemde seg for å lage ein heilt ny 16 bits spelkonsoll. Sluttkonstruksjonen viste seg også å vere særs kompatibel med arcade boards* som Megatech, Mega Play og System C. Det ville difor verta raskt og enkelt å porte eksisterande spel over til den nye konsollen.

* Nokon som har ei god omsetjing til ovanfor?

Det endelege namnet på den nye konsollen vart Sega Mega Drive, «Mega» skulle stå for «herredøme» og «Drive» for rå kraft og fart. I USA vart namnet på konsollen «Sega Genesis» etter ein tvist om varemerket. Samsung fekk lisens til å lansere konsollen til Sør-Korea. Der vart namnet Super Gam*Boy.

Lansering[endre | endre wikiteksten]

Mega Drive vart lansert i Japan 29. oktober 1988, for 21 000 yen. I Nord-Amerika vart konsollen lansert 9. januar 1989 til ein anbefalt pris på 200 dollar, den vart seinare sett ned til 190 dollar. Her i Europa vart ikkje konsollen lansert før 30. november 1990, for 2 000 svenske kroner. Spelet «Sonic the Hedgehog» kom med pakka.

Konkurranse om marknaden[endre | endre wikiteksten]

Mega Drive kjempa i byrjinga om marknadsandelar mot 8-bits konsollen Nintendo Entertainment System, ein konsoll som var underlegen, både grafisk og lydmessig. Likevel hadde SEGAstore vanskar med å stele marknadsandelar, av di Nintendo sin kontroll over spelutviklarane allereie hadde gjeve dei ei stor mengd med tilgjengelege spel. For å auka kundemassen bestemde SEGA seg for å endra fokuset mot eit eldre publikum, tenåringar og ungdom i byrjinga av 20-åra som hadde eiga kapitalinntekt og som kjøpte litt meir vaksnare speltitlar. Dermed kom spel som «Altered Beast» og «Streets of Rage»-triologien.

Etterkvart kom motsvaret frå Nintendo, som ikkje kunne sitte stille å sjå på at SEGA sakte men sikkert stal andelar av marknaden. Nintendo lanserte konsollen Super Nintendo, Sega klarte likevel å halde på kundemassen med sine rollespel og sportsspel. Då Sega lanserte «Sonic the Hedgehog», byrja Mega Drive seriøst å verte eit trugsmål mot Nintendo sin sterke kontroll over den amerikanske marknaden.

I 1992 var det SEGA som fornøgd kunne konstatere at dei hadde fått kontroll over størstedelen av den nordamerikanske marknaden, med sine 55%. Då «Sonic the Hedgehog 2» vart gjeven ut etter ei aggressiv marknadsføring, hadde SEGA kontroll over 65 % av marknaden.

Syskensystem[endre | endre wikiteksten]