Meling skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meling skule er ein rein barneskule, med elevar frå 1. - 7. trinn. Skulen ligg på Hessvollen ca. 2 km frå Svortland sentrum.

Skulen har 149 elevar (2010).

Dei tilsette består av 16 lærarar, ein kontorfullmektig og rektor.

Skulen har elevar fordelte på 8 klassar, men berre 7 klasserom, så kjøkkenet blir brukt som undervisningslokale.

Skulen har eit godt utvikla skulebibliotek.

Meling skule er ein Zero - skule som legg vekt på å forebyggja mot mobbing. Alle spørjeundersøkingar tilseier at det er lite plaging på skulen, og få gir melding om at dei blir mobba.