Mercantour nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trecolpas-vatnet og Pelago-fjellet i nasjonalparken

Mercantour nasjonalpark (fransk: Parc national du Mercantour) ligg i dei franske Kystalpane og omfattar delar av departementa Alpes-Maritimes og Alpes-de-Haute-Provence i Provence-Alpes-Côte d’Azur-regionen. Nasjonalparken, som vart oppretta i 1979, dekker større delar av dalane Vallée de l’Ubaye, Vallée de la Tinée, Vallée du Var, Vallée du Cians, Vallée de la Vésubie og Vallée de la Roya. Nasjonalparken har namn etter fellmassivet Mercantour.

Høgste fjellet i nasjonalparken er Cime du Gélas (3 143 moh). Seks andre fjelltoppar når også opp i over 3 000 meter over havet, mellom dei Mont Clapier (3045 m), det sørlegaste 3 000-meterfjellet i Alpane. Vatnet Lac d’Allos på 2 230 moh. er det høgstliggjande vatnet (innsjøen) i heile Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]