Metavulkansk bergart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metavulkansk stein (metabasalt) frå Michigan i USA.

Metavulkanske bergartar er dagbergartar som viser teikn på å ha gått gjennom metamorfose.[1] Med andre ord er steinen opphavleg blitt laga av ein vulkan, anten som lava eller tefra. Deretter blei han utsett for høgt trykk, temperatur eller begge delar, til dømes ved å dekkast av yngre stein, slik at den opphavlege vulkanske steinen rekrystalliserte.

Når det er mogleg å fastslå den opphavlege vulkanske steintypen frå eigenskapane til den metavulkanske steinen (særleg om graden av metamorfose er liten), blir steinen gjeven eit meir presist namn ved å leggja prefikset meta- til den opphavlege steintypen. Til dømes vil ein svakt metamorfosert basalt bli skildra som ein metabasalt, eller ein svakt metomorfosert tuff som ein metatuff.[2]

Metavulkansk stein er vanleg i grønsteinbelte.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Geologic units containing Metavolcanic rock». United States Geological Survey. Henta 17. juni 2018. 
  2. Schmid, R.; Fettes, D.; Harte, B.; Davis, E.; Desmons, J. (2007). «How to name a metamorphic rock.». Metamorphic Rocks: A Classification and Glossary of Terms: Recommendations of the International Union of Geological Sciences Subcommission on the Systematics of Metamorphic Rocks (PDF). Cambridge: Cambridge University Press. s. 3–15. Henta 28 February 2021. 
  3. Kearey, P.; Klepeis, K.A.; Vine, F.J. (2009). Global tectonics. (3rd utg.). Oxford: Wiley-Blackwell. s. 350. ISBN 9781405107778.