Miðflokkurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Miðflokkurin
Grunnleggjande
Statistikk
Tilknytingar

Miðflokkurin (Mf.) (norsk omsetjing: «Senterpartiet») er eit kristenkonservativt politisk parti på Færøyene. Partiet står for ein tradisjonell og bibeltro tolking av kristen etikk; dei er sterkt profilert på sin motstand mot selvbestemt abort og likekjønnede ekteskap og sit ønske om ein restriktiv rusmiddelpolitikk.[1][2][3] Namnet «Senterpartiet» er med andre ord berre ei omsetjing av det færøyske partinamnet, politisk ligg partiet til høgre for norske Kristeleg Folkeparti, både politisk og teologisk.

Miðflokkurin har utspring i vekkingskristne miljø og står sterkast på Norðoyar og Eysturoy. Partiet vart stifta i 1991 av utbrytarar frå Kristiligi Fólkaflokkurin, som for ein stor del gjekk inn i partiet.[4][5][6]

Miðflokkurin brukar bokstaven «H» på røystesedlene. Partiet har to medlemmar på Lagtinget og har sete i både høgre- og venstreorienterte regjeringar. Jenis av Rana er formann i partiorganisasjonen og lagtinggruppa.

Partileiing[endre | endre wikiteksten]

Partiformenn

  • Jenis av Rana 2001–d.d.
  • Álvur Kirke 1999–2001
  • Bill Justinussen 1997–1999
  • Jenis av Rana 1994–1997
  • Álvur Kirke 1992–1994
 

Gruppeformenn

  • Jenis av Rana 1998–d.d.
  • Tordur Niclasen 1992–1998

Valhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Lagtingval
År Røyster Mandat
# %
1994 1 491 5,2
2 / 32
1998 1 125 4,1
1 / 32
2002 1 292 4,2
1 / 32
2004 1 661 5,2
2 / 32
2008 2 610 8,4
3 / 33
2011 1 882 6,2
2 / 33
2015 1 775 5,5
2 / 33
 
Folketingval
År Røyster Mandat
# %
2001 569 2,2
0 / 2
2005 829 3,3
0 / 2
2007 1 577 6,8
0 / 2
2011 872 4,2
0 / 2
2015 605 2,6
0 / 2

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stevnuskrá. Hini 16 punktini» (færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 2016-03-04. 
  2. «Valskrá Miðfloksins» (færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 2015-10-03. 
  3. Bertholdsen, Áki (22. september 2014). «Miðflokkurin setir treytaleyst krav» (færøysk). Arkivert frå originalen 25. september 2015. 
  4. «Søgan» (færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 2015-04-14. 
  5. «Mangt bendir á, at KrF skrædnar!». Dimmalætting: 18. 4. mai 1991. 
  6. «Miðflokkurin nýggjur flokkur». Dimmalætting: 1. 12. desember 1991. 

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]