Miami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miami
Horisonten til Miami
Horisonten til Miami
Styresmakter
Land
Delstat
Fylke
USA
Florida
Miami-Dade County
Grunnlagd 1896
Geografi
Flatevidd 143 148 642, 145,204218 km²
Flatevidd
 - By

143,15 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

5 413 212
  4 433/km²
409 719
5 413 212
Diverse anna
Heimeside: https://www.miami.gov/
Nettstad: www.ci.miami.fl.us

Miami er ein by som ligg søraust i den amerikanske delstaten Florida. Sjølve byen har 362 470 innbyggjarar (2000), men han er den største i tettstadområdet Miami–Fort Lauderdale–Pompano Beach som er det sjuande største i USA med over 5,4 millionar innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Miamiområdet var opphavleg folkesett av tekestaene. I 1566 gjorde Pedro Menéndez de Avilés krav på området for Spania, og ein misjonsstasjon blei grunnlagd året etter. Fort Dallas blei bygd i 1836, og Miami-området blei slagstad for den andre seminolekrigen (1835-1842).

Sjølve byen blei grunnlagd i 1896 takka vera arbeidet til landeigaren Julia Tuttle, og er dermed den einaste storbyen i USA grunnlagd av ei kvinne. Ved den offisielle grunnlegginga den 28. juli 1896 hadde byen 300 innbyggjarar. Miami voks til i 1920-åra, men opplevde økonomisk nedgang då eigedomsbobla i Florida sprakk og under depresjonen på 1930-talet. Byen vart også råka av orkan i 1926. Under andre verdskrigen var Miami eit viktig senter for kampen mot tyske ubåtar, og folketalet voks. Etter at Fidel Castro kom til makta på Cuba i 1959 har også mange flyktande kubanarar slått seg ned i byen. I 2000 rekna 65,8 % av innbyggjarane i Miami seg som latinamerikanske (Latino eller Hispanic).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]