Michael Aamodt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Aamodt
Fødd 1784
Død

1859

Yrke gullsmed, politikar

Michael Sevald Præstrud Aamodt (178429. desember 1859) var ein norsk gardbrukar, veginspektør og stortingsmann frå Liknes i Vest-Agder.

Aamodt var son av ein gardbrukar og gullsmed. Han tok over farsgarden i si tid, og var elles veginspektør og vaksinatør i ein del år. Elles var han ein flink kvakksalvar, og laga til dømes augevatn, gurglevatn for halsplager, plaster og salvar for sår og byllar. Under sitt opphald som stortingsmann i Christiania vekte han oppsikt ved å praktisere som tannlege.

Han var i 1824 1. representant frå Lister og Mandals amt, medlem av komiteen for handel og næringsfridom.

Aamodt døydde på farsgarden i Liknes i 1859.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]