Midland Oak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midland Oak i dag.

Midland Oak eller The Central Oak er eit eiketre i Leamington Spa i Warwickshire i England, nær grensa til Lillington. Det skal markera det geografiske midtpunktet av England, sjølv om det same blir hevda om fleire andre stader i landsdelen Midlands. [1]

Det gamle eiketreet kjend som Midlands Oak som blei felt i 1967.
Minneplaketten for det opphavlege treet.

Det opphavlege eiketreet er merka av på kart frå 1711. Dette treet voks midt i vegen, i vegkrysset mellom Lillington Road og Lillington Avenue. Det blei felt i 1967 etter at ei stor grein hadde falle ned på fortauet.[2]

I februar 1988 blei det planta ei ny Midland Oak ved sida av vegen. Ein minnesplakett for det opphavlege treet blei avduka i april same år.[2] Treet var blitt dyrka fram frå ei nøtt frå det gamle.[3] Det nye treet fekk nøtter for første gong i 1993, og desse blei deretter samla og sådde. Fleire av trea som voks opp blei planta i nærleiken og lengre unna.[2]

Dette treet overlevde omfattande landskapsarbeid i 2002 då ein opna opp ein underjordisk bekk, Bins Brook, og laga flaumvern for husa i nærleiken.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Michell (2009), The Sacred Center: The Ancient Art of Locating Sanctuaries, Simon and Schuster 
  2. 2,0 2,1 2,2 Lillington Local History Society Newsletter (PDF), juli 2013 
  3. History of Lillington - Warwickshire (pub 1990, John M. Winterburn), s. 25 & 32.
  4. Leamington Spa Courier, 4. april 2002, «Flood Site Like a Battlefield»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°18′N 1°32′W