Migmatitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ptygmatisk folkding i migmatitt.

Migmatitt er ein bergart danna ved høgt trykk og høg temperatur djupt nede i jordskorpa (metamorfose). Dei er oftast gneisaktige bergartar som består av mørke slirer og band (paleosom, dvs. eldre material) som «sym» i ein ljos, granittisk grunnmasse (neosom, dvs. nydanna material). Den granittiske delen kan vere danna ved injeksjon av magma, ved delvis oppsmelting av bergarten in situ, eller ved reaksjon i fast fase (metamorf differensiasjon). Tilførsel av fluid kan òg spele ei rolle (metasomatose). Dei prosessane som fører til migmatittdanning, blir kalla migmatisering, anatekse og granittisering.

Migmatitt frå Hvaler er brukt som fasadestein i Oslo rådhus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Migmatitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.