Mijikendafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sacred Mijikenda Kaya Forests
LandKenya
Innskriven ved UNESCOs 32. sesjon i 2008.
Referansenr. 1231.
Kriterium:III, IV, V
Sjå ògVerdsarvstader i Afrika
BakgrunnsstoffSacred Mijikenda Kaya Forests ved unesco.org

Mijikendafolk (mijkenda tyder 'dei ni stammane') er ei gruppe av ni nærskylde mijikendaspråklege bantufolk frå området mellom Sabaki og Umba på kysten av Kenya, frå grensa mot Tanzania i sør til grensa mot Somalia i nord. Dei ni gruppene er digo, chonyi, kambe, duruma, kauma, ribe, rabai, jibana og giriama. Digofolk kan også halda til i Tanzania. Historisk har desse folka også blitt kalla nyika eller nika av utanforståande. Dette er nedsetjande termar som tyder 'bushfolk'.

Kaya-skog.

Kvar av folkgruppene har unike skikkar og språk eller dialektar. Språka er alle rekna til same makrospråk, mijikenda, som er nært i selkt med swahili. Likskapane i ordtilfang tyder på at oppdelinga i dei ni gruppene har funne stad ein gong i dei siste 1000 åra. I dag talar dei fleste etniske mijikendafolk også swahili. Gruppene har til felles dei heilage skogane med befesta byar som blir kalla kaya. Desse blei skapet på 1500-talet, og har sidan blitt heilage stader verna av utvalde eldre i kvar folkegruppe. Elleve kaya-skogar er utvalde som verdsarv sidan 2008.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unescos världsarvslista, henta 13. mars 2010 (en)
  2. Nominering till världsarvsstatus (en)