Mikrokontroller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike Microchip PIC mikrokontrollerar.

Ein mikrokontroller er ein programmérbar prosessor som vert brukt i elektroniske kontroll- og målesystem. I tillegg til ein 8-bits, 16-bits eller 32-bits prosessor, inneheld mikrokontrolleren eit programminne, ROM, med styringsprogram, samt fleire andre periferieiningar som for eksempel AD-omformar, teljar, UART og pulsbreddemodulator. På denne måten kan mikrokontrolleren effektivt brukast til å implementere digital styringslogikk, AD-konvertering (analog til digital konvertering), motorstyring og andre funksjonar som ellers ville måtte realiserast med mange fleire diskrete komponentar.

Mikrokontrolleren vert vanlegvis programmert i Assembler eller C. Basic og andre språk kan også somme gonger nyttast for nokon kontrollerar. Programmet må først kompilerast på ein PC før det vert overført til ROM i kontrolleren.

Dei største produsentane av mikrokontrollerar i dag er Motorola, Microchip (PIC) og Atmel (AVR).