Mikronova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kunstnarisk framstilling av ei mikronova

Mikronova er eit stjerneutbrot med ein storleiksorden omtrent ein milliondel av ein klassisk nova. Fenomenet er forårsaka av ei opphoping av materie frå nærområdet til stjerna, til dømes frå ei følgjestjerne.

Eit team frå det europeiske sørobservatoriet kunngjorde 20. april 2022 at dei hadde identifisert tre kvit dverg-mikronovaer ved hjelp av data frå TESS-romteleskopet og Very Large Telescope.[1]

Sola[endre | endre wikiteksten]

Neil Armstrong tok stereoskopiske bilete av overflata til månen under Apollo 11-oppdraget, såg han glitrande flekker som såg ut som glas.[2] Astrofysikaren Thomas Gold analyserte bileta og antyda at forglasinga kunne vera eit resultat av eit «lite nova-liknande utbrot» frå sola.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Astronomer oppdager mikronovaer, en ny type stjerneeksplosjon». ESO. 20. april 2022. Arkivert frå originalen 7. mai 2022. Henta 7. mai 2022. 
  2. «Astronomy: Glazing the Moon». TIME (på engelsk). 3. october 1969. 
  3. Gold, Thomas (26. september 1969). «Apollo 11 Observations of a Remarkable Glazing Phenomenon on the Lunar Surface». Science (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]