Hopp til innhald

Milano-domen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milano-domen

ArkitektSimone da Orsenigo
StilItalian Gothic architecture, Flamboyant
Kart
Milano-domen
45°27′50″N 9°11′26″E / 45.463968°N 9.190578°E / 45.463968; 9.190578
Milano-domen i 2010.

Milano-domen eller italiensk Duomo di Milano, eigentleg Duomo di Santa Maria Nascente, er eit av dei mest vidkjende byggverk i Italia. Domkyrkja er katedral for Milano erkebispedømme. Nest etter Peterskyrkja i Vatikanet og katedralen i Sevilla er Milano-domen den tredje største kyrkja i verda kva gjeld flatemål. Domen består av fem skip og er 157 meter lang og 109 meter brei. Dei høge, fargerike glasmåleria i koret er mellom dei største i verda.

Fundamentet for kyrkja vart lagt i 1386. Bygninga i lys marmor og med nær 4000 figurar vart innvigd i 1572 av kardinalen Carlo Borromeo til minne om fødselsdagen til Maria møy. Fyrst i 1965 stod kyrkja heilt ferdigbygd.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Milano-domen