Mile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om måleininga. For for den eldre nemninga for kjernefysisk reaktor, sjå kjernereaktor.
Amerikansk milestein.

Mile er ei måleining for lengd som blir brukt i nokre engelsktalande land. Ho svarar til rundt 1.609 meter på land og 1.852 meter til sjøs og i lufta.

Eininga har opphav i Romarriket. Der målte ein lengd i dobbelsteg, det vil seia to steg tekne av ein gjennomsnittleg romersk soldat. Tusen slike steg, mille passus, utgjorde om lag 1.479 meter. Langs vegnettverket dei laga, sette romarane opp milesteinar for kvart tusande steg for å visa avstanden til Roma. Desse steinane blei kalla milliarium.

Då Romarriket fall, stod steinane igjen. Dei blei etter kvart tekne i bruk av nye herskarar, saman med ei eller anna form av eininga. Det norske ordet mil kjem òg opphavleg frå romarane sine tusen skritt.