Militære fly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To jagarfly og eit overvakingsfly.

Militærfly er fly som vert nytta til militære føremål. Dette kan vere fly som har i oppdrag å utføre kamphandlingar, som jagarfly, angrepsfly eller bombefly. Det kan også vere transportfly, rekognoseringsfly eller overvakingsfly.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei første luftfartøya som vart nytta i militær samanheng var varmluftsballongar som vart sendt opp for å kartleggje og rapportere om fienden sine rørsler. Under første verdskrigen fortsette utviklinga av flyet som rekognoseringsverktøy. Etter kvart vart det også montert maskingevær på flya for vern, og bomber for angrep mot bakkemål.

Kamuflasje[endre | endre wikiteksten]

Eit C-130 Hercules transportfly.

Som regel er militærfly måla i kamuflasjefargar. Desse kan variere frå tradisjonelle grøne og brune fargar, til gråtonar og svart, avhengig av rolla til flyet. Angrepsfly som flyr lågt over bakken har som regel grøne og brune fargar på oversida, medan undersida er lys grå eller blå. På denne måten vert det vanskeleg å få auge på flyet både over og i frå bakken. Denne typen kamuflasje er og nyttig i tilfelle der flya opererer frå framskotne flystriper der dei kan gøymast bland busker og tre. Under andre verdskrigen vart hangarbaserte torpedofly og jagarfly som regel måla i blåfargar, slik at dei skulle vere vanskelege å oppdage mot havoverflata.

Jagarfly og høgtflygande bombefly er som regel måla i lyse, grålege eller blåaktige fargar. Det er av di desse fargane er den beste kamuflasjen imot himmelen. Likevel har einskilde fly, blant anna dei amerikanske Stealth-flya F-117 Nighthawk og B-2 Spirit, mørke fargar ettersom dei som regel opererer om natta.