Mille-fleurs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mille-fleurs-veggteppe frå seint på 1400-talet frå Château de Vertreuil: « Licorne en captivité » («einhyrning i fangenskap») frå serien «La chasse à la licorne» («Jakta på einhyrningen»). Fabeldyret einhyrningen var i mellomalderen symbol på reinleik.

Mille-fleurs, millefleurs, (fransk for «tusen blomar») er ein type veggteppe, biletteppe, (tapisserie à mille fleurs) frå slutten av mellomalderen. Desse biletteppa karakteriserast ved at eit hovudmotiv med ulike figurar har ein bakgrunn av mengder av små blomar eller av små plantar i bløming, i somme høve med innslag av dyr og fuglar.

Den italienske nemninga med referanse til «tusen blomar», millefiori, vert nytta annleis, og gjeld anten ein særleg type glasvare med fleirfarga mønster, eller ein type tøy med mønster i form av ei mengd mangefarga småblomar.