Mimis Domazos
Utsjånad
| Mimis Domazos | |
| Statsborgarskap | Hellas |
| Fødd | 22. januar 1942 Aten |
| Død | 24. januar 2025 (83 år) Aten |
| Idrett | fotball |
Dimitrios Domazos, kjend som Mimis Domazos, (22. januar 1942–24. januar 2025) var ein gresk fotballspelar frå Aten. Han var midtbanespelar, i lang tid var han playmaker på Panathinaikos.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Domazos skreiv kontrakt med den greske toppklubben Panathinaikos i desember 1959. Han gjorde teneste i Panathinaikos i nesten to tiår og vann ni seiremeisterskap og tre cupar med klubben sin. Han var kaptein på laget då klubben i 1971 nådde finalen i den store Europacupen. Finalen i London enda med tap 0–2 mot Ajax Amsterdam. Domazos avslutta hos AEK Athen, også der vart han seriemeister.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå landslagsdebuten i desember 1959 til landslagsavskjeden i november 1980 spelte Domazos 50 landskampar for Hellas og skåra 4 mål. Han var kaptein i 22 landskampar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1960, 1961, 1962, 1964, 1965, 1969, 1970, 1972, 1977 for Panathinaikos
- Seriemeister: 1979 for AEK Athen
- Cupmeister: 1967, 1969, 1977 for Panathinaikos
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dimitrios Domazos» frå Wikipedia på tysk, den 30. mars 2022.
- eu-football