Mir slott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mir slott

LandBelarus
Innskriven ved UNESCOs 24. sesjon i 2000.
Referansenr. 625.
Kriterium:CULTURAL: II, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffMir slott ved unesco.org
Mir slott

Stilgotisk arkitektur, Renessansearkitektur, Belarusian Gothic, Barokkarkitektur
Kart
Mir slott
53°27′05″N 26°28′22″E / 53.451266666667°N 26.472894444444°E / 53.451266666667; 26.472894444444

Mir slott (belarusisk Мірскі замак) er ein verdsarvstad i Belarus, nær Mir i distriktet Karelitski i Hrodna voblast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konstruksjonen av slottet byrja på slutten av 1400-talet. Slottet, som opphavleg var i gotisk stil, vart ferdigstilt under hertug Ilinitsj på byrjinga av 1500-talet. Hertug Radziwiłł overtok slottet i 1568 og bygde det om til eit renessanseslott. Eit tre etasjar høgt palass vart også bygd langs den nordlege og austre delen av slottsmuren. Murfasadane vart dekorerte med kalksteinsportaler, plater, balkongar og ein portal.

I 1817, etter at slottet var vorte forlate i nær eit hundreår og var vorte sterkt skadd i slaget ved Mir i 1812, gjekk det i arv frå Dominik Hieronim Radziwiłł til dottera Stefania, som vart gift med prins Ludwig zu Sayn-Wittgenstein-Berleburg. Det gjekk så til dotte deira Maria, som gifta seg med prins Chlodwig Hohenlohe-Schillingsfürst. Sonen deira, Maurice Hohenloche-Schillingsfürst, selde slottet til Mikolaj Swiatopelk-Mirski av Bialynia i 1895. Sonen til Mikolaj, Michal Swiatopelk-Mirski, byrja å byggje om slottet etter teikningar frå arkitekten Teodor Burszes. Familien Swiatopelk-Mirski eigde slottet fram til 1939. Under [[andre verdskrig]en]] vart slottet brukt som base for den tyske okkupasjonsmakta, og vart brukt til internering av jødar.

I desember 2000 var Mir slott teke opp som del av UNESCO si verdsarvliste.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Landmarks, historic and cultural, and natural sites of the Republic of Belarus on the UNESCO World Heritage List». Land of Ancestors. National Statistical Committee of the Republic of Belarus. 2011. Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 12 October 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mir slott