Miragoâne
Utsjånad
18°26′N 73°5′W / 18.433°N 73.083°W
Miragoâne (haitisk Miragwàn) er ein hamneby sørvest i Haiti. Han er hovudstad i departementet Nippes.
Byen ligg ved ei bukt med same namn, om lag 100 km vest for hovudstaden i landet, Port-au-Prince. Han vart grunnlagd av engelskmenn på 1600-talet. Under ein borgarkrig i 1883 vart byen rasert.
Miragoâne har ei viktig hamn der det vert utskipa kaffi, frukt og trevirke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Miragoâne» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 29. juli 2010.