Haiti

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Repiblik Ayiti
République d’Haïti

(norsk: Haiti, haitisk)

Det haitiske flagget Det haitiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Dessalinienne»
Motto Fransk: L’Union Fait La Force (Einskap gjev styrke)
Geografisk plassering av Haiti
Offisielle språk Haitisk, fransk
Hovudstad Port-au-Prince
Styresett
Republikk
Michel Martelly
Jean-Max Bellerive
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
27 750 km² (145.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 646 714 (88.)
383,7 /km²
Sjølvstende
 – Erklært
 – Anerkjent
Frå Frankrike
1. januar 1804
17. april 1825
Nasjonaldag 1. januar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
18 870 mill. USD (143.)
1 800 USD (178.)
Valuta Haitisk gourde
Tidssone UTC -5
Telefonkode +509
Toppnivådomene .ht


Haiti, offisielt Republikken Haiti, er eit land som utgjer den vestlege tredjedelen av øya Hispaniola i Det karibiske havet, aust for Cuba; Den dominikanske republikken utgjer resten. Øya er ein del av Dei store Antillane.

Namnet Haiti (opphavleg Ayiti) kjem frå taino (det opphavlege språket på Hispaniola), og tyder «høgt land». Landet er det mest fjellrike i Karibia, og den høgaste toppen er Pic la Selle på 2680 moh. Arealet er på 27 750 km², og hovudstaden er Port-au-Prince. Haiti har eit tropisk havklima med mykje nedbør på nordkysten, medan den sørlege delen av landet er tørrare.

Haiti var opphavleg ein fransk koloni, men var mellom dei fyrste landa som erklærte seg sjølvstendig – etter eit slaveopprør i kjølvatnet av den franske revolusjonen – i 1804. Landet vart dermed den fyrste sjølvstendige republikken som var styrt av ikkje-kvite, men sidan frigjeringa har det vore prega av ustabilt styresett og fattigdom. I løpet av 200 år har det vore gjennom fleire titals diktatorar og statskupp.[1] Den fyrste demokratisk valde presidenten, Jean-Bertrand Aristide, vart avsett i 1991. Sivilt styre vart gjenoppretta etter at USA og SN gjekk inn i 1994.

Innbyggjarane er, til skilnad frå nabolanda, hovudsakleg av afrikansk opphav, og språka dei brukar er haitisk-kreolsk og fransk. Dei fleste innbyggjarane er småbønder som lever i stor fattigdom. Næringslivet i landet er lite utvikla, og Haiti er i dag rekna som det fattigaste landet på den vestlege halvkula.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå haitisk geografi.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Haiti

Haiti ligg på den vestlege delen av Hispaniola, den nest største øya i Dei store Antillane. Det er det tredje største landet i Karibia etter Cuba og Den dominikanske republikken. Sistnemnde har elles ei felles grense på 360 kilometer med Haiti. Landet ligg på det næraste berre om lag 45 nautiske mil (80 km) frå Cuba, og det har den nest lengste kystlinja (1 771 km) i Dei store Antillane, etter Cuba. Landskapet i Haiti omfattar hovudsakleg kuperte fjell med små kystsletter og elvedalar. Om lag 25 av landarealet ligg høgare enn 500 moh.[3]

Fire fjellkjeder av kalkstein strekkjer seg gjennom landet i retning aust–vest. På dei høgaste fjellpartia finn ein oftast magmatiske bergartar, krystallinske skifrar eller eldre sediment. I den nordlege delen av landet finn ein Massif du Nord (Nordmassivet) og Plaine du Nord (Nordsletta). Massif du Nord er ei forlenging av Cordillera Central i Den dominikanske republikken. Det byrjar på den austlege grensa til Haiti, nord for elva Guayamouc, og går vidare mot nordvest gjennom den nordlege halvøya i landet. Låglanda på Plaine du Nord ligg langs den nordlege grensa til Den dominikanske republikken, mellom Massif du Nord og Nord-Atlanteren. Området i midten av landet omfattar to sletter og to fjellkjeder. Plateau Central (Sentralplatået) går langsmed begge sidene av elva Guayamouc, sør for Massif du Nord. Det går frå sørvest til nordvest. Sørvest for Plateau Central finn ein Montagnes Noires, som i nordvest møter Massif du Nord. Det vestlegaste punktet i landet er kjent som Cap Carcasse.

Utsyn over Limbéelva nord i Haiti

Den sørlege delen av landet omfattar Plaine du Cul-de-Sac (i søraust) og den fjellrike halvøya i sør, som er kjend som Tiburonhalvøya. Plaine du Cul-de-Sac er eit naturleg lågland som omfattar saltsjøane i landet, som Trou Caïman og Étang Saumâtre, som også er den største innsjøen i Haiti. Fjellkjeda Chaîne de la Selle – som strekkjer seg frå den sørlege fjellkjeda i Den dominikanske republikken (Sierra de Baoruco) – går frå Massif de la Selle i aust til Massif de la Hotte i vest. Denne fjellkjeda omfattar Pic la Selle, det høgaste punktet i Haiti, på 2 680 moh.

Den viktigaste dalen i landet når det gjeld landbruk, er Plaine de l’Artibonite, som ligg sør for Montagnes Noires. Dette området omfattar den lengste elva i Haiti, Artiboniteelva, som også er den lengste på heile Hispaniola. Ho byrjar i det vestlege området i Den dominikanske republikken, og går vidare gjennom det sentrale Haiti, før ho renn ut i Gonâvebukta. Den austlege og sentrale delen av øya er eit stort og høgt platå. Haiti omfattar også fleire øyar utanfor kysten. Den historisk kjende øya Tortuga (Île de la Tortue) ligg utanfor nordkysten av Haiti. Arrondissementet La Gonâve ligg på øya med same namn i Gonâvebukta. Denne øya er busett av landsbybuarar. Île à Vache (Kuøya), som er ei frodig øy med mange turistattraksjonar, ligg utanfor den sørvestlege spissen av Haiti. Les Cayemites og Île de Anacaona høyrer også til Haiti.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Haiti ligg i tropane og er heile året dominert av nordaustpassaten, men får likevel ikkje like mykje vind som Den dominikanske republikken, fordi landet ligg på lesida av øya Hispaniola. Terrengforholda og plasseringa i høve til den rådande vindretninga gjev store skilnader i årsnedbøren. Generelt fell det mindre nedbør i låglandet enn i fjella, og nedbøren er vanlegvis størst på nord- og nordaustvende skråningar. Cap-Haïtien på nordkysten får såleis omkring 3 250 mm i året, med nedbør i alle månader, men med eit maksimum om vinteren, då passaten er sterkast. Hovudstaden Port-au-Prince ligg derimot i le av dei nordlege fjellkjedene, og får om lag 1 340 mm nedbør, som hovudsakleg fell i sommarhalvåret. Andre delar av landet får mindre enn 700 mm nedbør per år. Den nordvestlege halvøya og Gonâveøya (Île de la Gonâve) er spesielt tørre.

Temperaturane varierer med høgda, men normal årstemperatur ligg rundt 26 °C i låglandet. Døgntemperaturane svingar generelt meir enn årsnormalane. Landsbyen Kenscoff, som ligg 1 430 moh., har ein normal temperatur på 16 °C, medan Port-au-Prince, som ligg på havnivå, har ein normal på 26 °C. Om vinteren kan det kome frost i dei høgaste områda.

Den sørlege halvøya er meir utsett for tropiske orkanar enn andre delar av landet, og har teke stor skade av orkanar som Allen (1980), Gilbert (1988) og Georges (1998). I august og september 2008 skapte fleire orkanar stor skade, og om lag 800 liv gjekk tapt.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Der landformene gjer det mogleg, veks det mangroveskog langs kysten. Haiti hadde tidlegare regnskog i nord, men han er for det meste hoggen ned. Mot sør og i innlandsdalane finn ein savanne. Tropiske og subtropiske nyttevekstar som avokado, mango, lime og appelsin, finst ville. I dei tørraste strøka finn ein steppevegetasjon med mellom anna kaktus og alfagras. I høgare område veks det framleis spreidde populasjonar av barskog. Over om lag 1500 moh. vert vegetasjonen alpin. Floraen er relativt artsrik: det er registrert over 5 000 artar karplanter.

Pattedyrfaunaen er fattig og omfattar hovudsakleg flaggermus, gnagarar og innførte artar som katt, hund og mangust. Den sjeldne haitialmiquien høyrer til den primitive insektetarfamilien furespissmus. Saman med ein nær slektning på Cuba er han ein av berre to gjenlevande artar i familien. Det er også funne fossil av store, marklevande dovendyr i Haiti. Amerikamanat eller lamantin, som er ei sjøku, finst i kystfarvantet. Mange fuglar er knytte til våtmarkene og kysten, som brunpelikan, lattermåse, suler, hegrar, rikser, vadarar og terner. Elles finst det mellom anna papegøyar, gaukar, kolibriar, trogonar, todiar og spettar i landet. Av dei over 250 artane[4] som er observerte i Haiti, er fleire stadeigne for Hispaniola, som til dømes hispaniolaparakitt og brunbrystgauk.

Satellittbilete av Haiti si grense mot Den dominikanske republikken (til høgre) som tydeleg viser avskoginga på haitisk side

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

I 1925 var Haiti eit frodig land der ein framleis hadde att 60 % av den opphavlege skogen. I dag står det berre om lag 2 % att, hovudsakleg fordi enorme mengder har vorte teke ut til fyringsved. Dette har igjen ført til at fruktbar jordbruksmark har vorte øydelagd, noko som bidreg til ørkenspreiing.[5]

I tillegg til jorderosjon, har avskoginga ført til store flaumproblem, noko ein til dømes såg 17. september 2004. Tidlegare det året, i mai, hadde flaumane dessutan teke livet av 3 000 personar sør i landet, på grensa mot Den dominikanske republikken.[6]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå haitiarar.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i Haiti (i tusen) frå 1961 til 2003

Sjølv om det i snitt bur 325 personar per kvadratkilometer i Haiti, er folkesetnaden konsentrert rundt tettstadene, kystslettene og dalane. Folketalet i Haiti var på omkring 9,8 millionar i 2008 ifølgje SN,[7] og halvparten av dei er under 20 år.[8] Den fyrste formelle folketeljinga, som vart gjord i 1950, viste at folketalet då var 3,1 millionar.[9] Haiti har det høgaste fødselstalet på den vestlege halvkula.[10]

90–95 % av haitiarane (avhengig av kjelde) er av hovudsakleg afrikansk avstamming, og dei resterande 5–10 % av folkesetnaden er hovudsakleg av blanda avstamming. Den vesle prosentdelen som utgjer den ikkje-svarte folkesetnaden, er hovudsakleg kaukasiske folk og kvite haitiarar, der dei fleste er av arabisk,[11] vesteuropeisk (fransk, tysk, polsk, portugisisk og spansk) og jødisk opphav.[12][13]

Haitiarane med blanda opphav bur hovudsakleg i dei velståande forstadene, som Pétionville og Kenscoff. Mange av dei er fødde i dei sørvestlege delane av Haiti, som Jacmel, Les Cayes og Cavaillon. I kolonitida var det ein høgare prosentdel europearar i dette området enn i den nordlege delen av landet, som var meir isolert, hadde færre byar og var vigd til store plantasjar med afrikanske slavar. Nokre av dei kvite plantasjeeigarane sørgde for at sønene (og nokre gonger døtrene) fekk utdanning, og nokre sende dei til og med til Frankrike. Ein del av folkesetnaden med blanda opphav greidde difor å byggje opp meir sosial kapital enn dei som budde i nord. I tillegg hadde dei med blanda opphav fleire borgarrettar enn dei frie afrikanarane. Allereie før revolusjonen hadde mange utdanna menn med blanda opphav vorte del av leiarskapen i landet.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei to offisielle språka i Haiti, er fransk, som er mest brukt i skriftlege, skulerelaterte og administrative samanhengar. Dei fleste haitiarane med utdanning kan det, og det er dominerande i næringslivet. Det andre språket er det nyleg normerte kreolspråket haitisk,[14] som vert snakka av så å seie heile folkesetnaden i landet. Haitisk er franskbasert, men har også stor påverknad frå afrikanske språk, og ein mindre påverknad frå spansk og taino. Det er i slekt med louisianakreolsk. Ein god del av folkesetnaden kan også spansk, men det er ikkje offisielt språk i landet.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Haiti er eit hovudsakleg kristent land, der 80 % av innbyggjarane vedkjenner seg den romersk-katolske læra. Om lag 16 % av folkesetnaden høyrer til protestantismen. Voodoo, ei tru med opphav i den afrikanske diasporaen, og som er unik for landet, vert praktisert av grovt rekna halvparten av folkesetnaden.[15] Religiøs aktivitet verkar til dels samlande på Haiti og diasporaen, fordi dei som er utflytta ofte praktiserer religion med familien i Haiti.[16]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå haitisk historie.

Kolonitid og revolusjon[endre | endre wikiteksten]

I løpet av tiåra som følgde etter at Kristoffer Columbus kom til Hispaniola i 1492, vart den innfødde folkesetnaden på øya, tainoane, nesten fullstendig utrydda – mellom anna grunna tvangsarbeid, avrettingar og ulike sjukdommar.[17] Tidleg på 1500-talet vart det oppretta sukkerplantasjar, og folketalet auka igjen, ettersom det vart innført afrikanske slavar.

I 1697 avstod Spania den vestlege tredjedelen av øya, som frå då av vart kjend som Saint-Domingue, til Frankrike. Dette området vart på 1700-talet mellom dei rikaste koloniane i Det franske koloniriket. 22. august 1791 oppstod det, under leiing av Dutty Boukman og Georges Biassou, eit slaveopprør som utvikla seg til ein blodig krig der alle slåst mot alle: Europearane kjempa mot afrikanarane, kreolske plantasjeeigarar mot rojalistiske franskmenn, og franske republikanske troppar mot britane og spanjolane som greip inn. Dei tidlegare slavane gjekk til slutt sigrande ut av krigen – noko som var, og er, unikt i Amerika.[18] Sjølv ein hær som Napoleon hadde sendt for å få tak i nasjonalhelten Toussaint L’Ouverture, vart til slutt slegen, etter at L’Ouverture sjølv hadde overgjeve seg, og etter kvart vart teken til fange. Løytnantane hans tok då over. Saint-Domingue erklærte seg 1. januar 1804 sjølvstendig frå Frankrike, under namnet «Haiti». Leiaren, Dessalines, kalla seg etter inspirasjon frå Napoleon keisar og regjerte som det fram til han vart utsett for konspirasjon og mord i 1806.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Haiti, som var den fyrste sjølvstendige republikken der svarte og folk med blanda opphav dominerte, engasjerte seg i avskaffinga av slaveriet og støtta også Venezuela, Peru og Colombia i deira sjølvstendekamp med revolusjonsleiarar som Bolívar og Miranda. Under president Boyer – som i 1820 sameina landet som sidan 1806 hadde vore delt i ein blanda del i sør og ein svart del i nord – avskaffa Haiti slaveriet. Dette skjedde etter okkupasjonen av den austlege delen som høyrde til Spania frå 1822 og seinare vart Den dominikanske republikken.

Frankrike kravde kompensasjon frå tidlegare plantasjeeigarar då dei anerkjende sjølvstendet til Haiti i 1825. Haiti betalte opp gjennom åra til saman 90 millionar Francs d’Or – som tilsvarar om lag 135 millionar kroner – til Frankrike for sjølvstendet.[19] Kort tid etter sjølvstendet vart dei store plantasjane fordelte mellom innbyggjarane, og dette førte til at eksporten av landbruksprodukt braut saman. Fleire forsøk på å heve produktiviteten i landbruket, der det fyrste var Code Rural frå 1826, svikta – fordi tomtene i landbruksstrukturen var for små. Sidan då har Haiti vore mellom dei fattigaste landa på den vestlege halvkula.

Diktatur og militærkupp[endre | endre wikiteksten]

Haiti har gjennom mesteparten av historia si lide under despotar og kleptokrati. To av herskarane utropte seg også på ulike tidspunkt til keisarar. Frå 1915 til 1934 var landet okkupert av USA, men dei USA-amerikanske troppane kom etter kvart innunder Good Neighbor Policy. Dei prøvde å gjere infrastrukturen betre – spesielt utdanningsstystemet – men desse reformene tok ikkje omsyn til skikkar og tradisjonar i Haiti, og vart difor verken aksepterte eller vellukka. I 1957 lukkast det den tidlegare legen og helsedirektøren François «Papa Doc» Duvalier å ta makta. Han sette seg sjølv inn som diktator i 1964, og vart kjend gjennom den såkalla Tonton Macoute, ein frivillig tropp som var ei slags blanding av hemmeleg politi og kriminell bande. Sonen hans, Jean-Claude «Baby Doc» Duvalier etterfølgde han som statsleiar i 1971 i ein alder av 19 år. «Baby Doc» vart i 1986 utvist frå landet.

Etter utvisinga av Duvalier tok general Henri Namphy over, som interimpresident, fram til eit strengt militærkontrollert val vart halde i februar 1988. Der vann Leslie Manigat, men berre fire månader etter tok Namphy makta att. Deretter gjennomførte ein militærjunta med Prosper Avril i spissen statskupp i september 1988. Denne gruppa regjerte fram til ho i 1990 vart tvinga til å gå av grunna demonstrasjonar. Etter forsøk på nok eit statskupp og innsetjing av to interimpresidentar, vart det fyrste frie valet i landet halde seinare same år. Då vart Jean-Bertrand Aristide, slik mange hadde håpa på, vald til president – med eit overveldande fleirtal. Men allereie i 1991 vart Aristide utsett for kupp av brigadegeneral Raoul Cédras utanfor kontoret sitt. I 1994 kunne Aristide som følgje av ein USA-amerikansk intervensjon (Operation Uphold Democracy) flytte inn att på kontoret, på vilkår om at han favoriserte politikken til den USA-amerikanske føregangaren sin, som berre fekk 14 % av stemmene i valet i 1990. I 1996 gav Aristide makta vidare til kollegaen René Préval, ettersom perioden hans var ute. SN-mandatet som Haiti låg under i 1995, vart fornya i 1997.

Demokrati og uro[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart det halde eit omstridt parlamentsval – som partiet til Aristide vann. Sidan Aristide også vann i presidentvalet, med over 90 % av stemmene, kom det påstandar om valfusk. Aristide, som overtok makta i 2001 og hadde håpa på å få halde fram, måtte forlate landet i 2004. Medan opposisjonen – USA og Frankrike – overtok posisjonen hans, gjekk Aristide i frivillig eksil. Han omtala dette som eit kupp og såg framleis på seg sjølv som den rettmessige presidenten i landet. SN har hatt kring 10 000 soldatar stasjonerte i ein fredsstyrke i Haiti sidan 2004, som ein del av MINUSTAH.

Båtflyktningar frå Haiti

Etter Aristide vart landet frå 2004 styrt av ei overgangsregjering med Boniface Alexandre som president og Gérard Latortue som statsminister. Denne sat fram til februar 2006, då presidentvalet, som hadde vorte utsett fleire gonger, endeleg vart halde. Med 51,15 % av stemmene vann Préval, men også dette valresultatet vart omstridt. Sidan 14. februar 2006 har Préval igjen vore president i Haiti. Internasjonalt vert han sett på som realpolitikar. I mai 2006 utnemnde Préval politikaren Jacques-Édouard Alexis til statsminister.

Høg inflasjon og sterk prisvekst i verda på grunnleggjande matvarer som ris og mais førte tidleg i 2008 til protestar frå folkesetnaden, og dette kulminerte i opptøyar som kravde fleire menneskeliv.[20] Sjølv om president Préval hadde kunngjort ein kampanje for å få ned matvareprisane, roa situasjonen seg ikkje. 12. april 2008 vedtok senatet i landet at statsminister Alexis skulle fråtre stillinga si,[21] og Michèle Pierre-Louis vart ny statsminister. Sidan 11. november 2009 har Jean-Max Bellerive vore statsminister.

12. januar 2010 vart Haiti, og spesielt hovudstaden Port-au-Prince, ramma av eit kraftig jordskjelv. Meir enn 150 000 skal ha mista livet, og mange vart heimlause. Presidentpalasset, nasjonalforsamlinga og mange andre viktige hus vart øydelagde, i tillegg til eit utal heimar og forretningsbygg. Valet i landet var eigentleg lagt til januar 2010, men vart utsett grunna jordskjelvet. Parlamentsvalet og den fyrste runden i presidentvalet vart difor halde 28. november 2010. Den andre runden fann stad 20. mars 2011, og Michel Martelly vann.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå haitisk politikk.
Michel Martelly er den noverande presidenten i Haiti.

Etter den haitiske grunnlova av 28. april 1987 er Haiti ein republikk der makta er fordelt mellom ei folkevald nasjonalforsamling, ein folkevald president, ein statsminister og ei regjering, og domstolane. Likevel har tida både før og etter grunnlova vore meir prega av autoritære styre og undertrykkande diktatorar, som François Duvalier og sonen hans, Jean-Claude Duvalier. Frankrike og USA har også fleire gonger intervenert militært i haitisk politikk, nokre gonger på førespurnad frå eit av partia i landet.

Lovgjevande og utøvande makt[endre | endre wikiteksten]

Den lovgjevande makta ligg i både regjeringa og dei to kammera i Den haitiske nasjonalforsamlinga, deputertkammeret, som har 99 medlemmer (utvida frå 83 før valet i 2006), og senatet, som har 30 (tidlegare 27). Medlemmene i deputertkammeret vert valde for ein periode på fire år, medan senatsmedlemmene vert valde for ein periode på seks, der ein tredjedel av medlemmene vert valde annakvart år – begge stader gjennom allmenne val. Stemmerettsalderen i Haiti er 18 år.

Den utøvande makta ligg hjå statsoverhovudet i landet, presidenten, som vert vald for fem år i allmenne val og ikkje kan veljast to periodar på rad. Presidenten oppnemner statsministeren, som skal veljast frå det partiet som har fleirtal i nasjonalforsamlinga. Statsministeren set så saman regjeringa i samråd med presidenten.

Den noverande presidenten er Michel Martelly, og statsminister er Jean-Max Bellerive.

Soldatar frå fredsstyrken MINUSTAH leitar etter overlevande etter jordskjelvet i Haiti 2010

Dømmande makt[endre | endre wikiteksten]

Rettsvesenet i Haiti var opphavleg basert på fransk rett, men store delar av dette forsvann under Duvalier-regimet. Domstolane kan ikkje seiast å ha vore uavhengige av dei politiske styresmaktene, slik dei skal vere etter maktfordelingsprinsippet.

I hovudstaden Port-au-Prince og tre av dei andre departementshovudstadene finn ein appellrettar og sivile domstolar. I tillegg skal kvar kommune ha ein magistratrett.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

Då Haiti igjen fekk eit sivilt regime i 1994, etter å ha vore styrt militært, vart dei væpna styrkane og politistyrken avvikla. Sidan 1995 er det bygd opp ein nasjonal politistyrke på om lag 6 000 personar. Frå 2004 har det dessutan vore stasjonert ein SN-styrt fleirnasjonal stabiliseringsstyrke (MINUSTAH) på om lag 7 000 soldatar (pluss om lag 2 100 polititroppar og om lag 1600 sivile observatørar) i landet.

Forhold til andre land[endre | endre wikiteksten]

Haiti er medlem av SN og underorganisasjonane til SN, forutan mellom anna Verdsbanken, Organisasjonen av amerikanske statar og Cotonou-avtalen. Landet har dessutan vore fullverdig medlem i CARICOM sidan 3. juli 2002.

Haiti er representert i Noreg ved ambassaden sin i Berlin, medan Noreg er representert i Haiti ved ambassaden sin i Caracas i Venezuela og eit generalkonsulat i Port-au-Prince.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Departement[endre | endre wikiteksten]

Nr. Departement Hovudstad Areal Folketal[22]
1 Artibonite Gonaïves 4 984 km² 1 571 020
2 Centre Hinche 3 675 km² 678 626
3 Grand’Anse Jérémie 2 018 km² 425 878
4 Nippes Miragoâne 1 219 km² 311 497
5 Nord Cap-Haïtien 2 175 km² 970 495
6 Nord-Est Fort-Liberté 1 805 km² 358 277
7 Nord-Ouest Port-de-Paix 2 176 km² 662 777
8 Ouest Port-au-Prince 4 827 km² 3 664 620
9 Sud-Est Jacmel 2 077 km² 575 293
10 Sud Les Cayes 2 794 km² 704 760
For meir om dette emnet, sjå departement i Haiti.

Haiti er delt inn i ti departement. Det nyaste av dei, Nippes, vart til 4. september 2003 då det vart utskilt frå Grand’Anse. Innbyggjartala i tabellen er frå eit estimat for 2009 frå Institut Haïtien de Statistique et d’Informatique.

Vidare er departementa delte inn i 41 arrondissement og 133 kommunar, som er administrative inndelingar på høvesvis andre og tredje nivå.

Departementa i Haiti

Byar[endre | endre wikiteksten]

Nr. By Departement Folketal

Port-au-Prince

Gonaïves

Cap-Haïtien
1 Port-au-Prince Ouest 785 228
2 Carrefour Ouest 499 371
3 Delmas Ouest 389 393
4 Gonaïves Artibonite 141 580
5 Pétionville Ouest 131 985
6 Cap-Haïtien Nord 127 825
7 Saint-Marc Artibonite 80 149
8 Verrettes Artibonite 61 457
9 Les Cayes Sud 50 722
10 Limbé Nord 40 265
Estimat frå 2010[23]
For meir om dette emnet, sjå byar i Haiti.

Port-au-Prince er hovudstaden og den største byen i Haiti. Han ligg på vestkysten av landet, inst i ei vik av Gonâvebukta. Byen er sentrum for administrasjon, økonomi og utanrikshandel. Landet har seks byar med over 100 000 innbyggjarar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå haitisk økonomi.
Bas-Ravine i den nordlege delen av Cap-Haïtien

Etter dei fleste økonomiske mål er Haiti det fattigaste landet i Amerika. Det hadde eit bruttonasjonalprodukt på 11 610 millionar USD i 2009, og dermed BNP per innbyggjar på 1 300 USD – om lag 3,50 USD per person per dag.[15]

Det er eit fattig land – eit av dei fattigaste og minst utvikla i verda. Samanliknande sosiale og økonomiske mål viser at Haiti har lege under andre lågkost- og utviklingsland (særleg på den vestlege halvkula) sidan 1980-åra. Haiti er no på 149. plass av 182 land på HDI-lista til SN (2009). Om lag 80 % av folkesetnaden i landet lever under fattigdomsgrensa, og 54 % i ekstrem fattigdom.[2] Den økonomiske veksten har vore negativ eller berre ørlite positiv dei siste åra.[24] Fattigdom har tvinga minst 225 000 barn i byane i Haiti til slavearbeid som ubetalte hushjelper og tenarar.[25] Landet har lenge lege mellom dei mest korrupte i verda på CPI-lista til Transparency International.[26][27]

Om lag 66 % av haitiarane arbeider i landbrukssektoren, som hovudsakleg omfattar små sjølvforsynande bruk,[15] men dette utgjer berre 30 % av BNP. Landet har opplevd lite formell auke i arbeidsplassar det siste tiåret, sjølv om den uformelle økonomien er i vekst. Mango og kaffi er to av dei viktigaste eksportprodukta til Haiti.[15] Bistand frå utlandet utgjer 30–40 % av budsjettet til regjeringa i Haiti. Den største gjevaren er USA, etterfølgt av Canada, og EU bidreg også. I tillegg bidreg Venezuela og Cuba til den haitiske økonomien, og spesielt har dei gjort det sidan alliansane mellom landa vart fornya i 2006 og 2007.

Den USA-amerikanske bistanden til den haitiske regjeringa vart stoppa heilt i 2001–2004, etter det omstridde valresultatet i 2000, der president Aristide vart skulda for valfusk. Etter at Aristide forlét landet i 2004, fekk Haiti igjen pengar frå USA, og den brasilianske hæren leidde fredsstyrken MINUSTAH.

Haiti var venta å få ettergjeve gjeld på om lag 525 millionar USD, eller om lag 3 milliardar norske kroner, gjennom Heavily Indebted Poor Countries (HIPC) i løpet av sommaren 2009[15] – dei fekk ettergjeve heile 1,2 milliardar dollar (om lag 7 milliardar kroner).[28]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Helse[endre | endre wikiteksten]

Halvparten av borna i Haiti er uvaksinerte, og heile 60 % av folkesetnaden manglar tilgang til grunnleggjande helsetenester.[29] Nær halvparten av dødsfalla i landet skuldast ifølgje Verdsorganisasjonen for helse HIV/AIDS, luftvegsinfeksjonar, hjernehinnebetennelse og tarminfeksjonar som kolera og tyfoidfeber.[30] 90 % av borna i Haiti lir av vassborne sjukdommar og tarmparasittar.[31] Om lag 5 % av den vaksne folkesetnaden i Haiti er HIV-smitta.[32] Det er meir enn ti gonger fleire tilfelle av tuberkulose i Haiti enn i andre latinamerikanske land.[33] Om lag 30 000 vert smitta av malaria kvart år.[34]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Bruk av ein OLPC på ein skule i Haiti

Det eine utdanningssystemet i Haiti er basert på det franske, med 6-årig grunnskule og 7-årig vidaregåande skule. Det andre og reformerte systemet har 9-årig grunnskule og 3-årig vidaregåande skule. I alt er det om lag 15 200 grunnskular i Haiti, der 90 % av dei er private, det vil seie anten drivne av lokalsamfunna, religiøse organisasjonar eller ideelle organisasjonar.[35]

Offisielt er det obligatorisk med seks års skulegang, men berre 67 % byrjar på grunnskulen, og færre enn 30 % når 6. klasse. Om lag 20 % får byrje på vidaregåande skule. Velgjerdsorganisasjonar som Food for the Poor og Haitian Health Foundation arbeider med å byggje skular og gje ungane nødvendig utstyr.

Høgare utdanning finn stad på det einaste universitetet i landet, Statsuniversitetet i Haiti, og på dei andre tolv offentlege og ti private institusjonane for høgare utdanning. Fransk har tradisjonelt vore einerådande som undervisingsspråk, men haitisk har etter kvart også fått innpass. Berre om lag 52 % av innbyggjarane i Haiti kan lese og skrive.[15]

Media[endre | endre wikiteksten]

Landet har berre to dagsaviser, Le Nouvelliste (grunnlagd i 1898, opplag ca. 6 000), som kjem ut om kvelden, og Le Matin (grunnlagd i 1908, opplag ca. 5 000). Begge vert trykte på fransk i Port-au-Prince. Andre aviser og blad vert trykte på engelsk, fransk, spansk og haitisk. Mediesituasjonen i landet endra seg mykje til det betre etter tida med militærdiktatur (1991–1994), og arbeidsforholda for journalistar vart etter det meir normale.

Det finst rundt 30 radiostasjonar i Haiti, der éin av dei er statleg og resten private. Den statlege radiostasjonen (Radio Nationale d’Haïti) sender på fransk, engelsk, spansk og haitisk. Det statsåtte fjernsynsselskapet Télévision Nationale d’Haïti sender i fire kanalar, og då hovudsakleg kulturprogram. I tillegg finst det 11 private fjernsynsstasjonar, der to av dei sender via kabel – den eine med tre kanalar, den andre med 33. Sjølv om det er mange private fjernsynsselskap i landet, er det berre om lag 5 fjernsyn per 1000 innbyggjarar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjonane utanfor hovudstaden Port-au-Prince er generelt dårlege. Jernbana i landet er lagd ned, og vegnettet er stort sett i dårleg stand. Ved hjelp av bistand frå utlandet har ein fått bygd nye hovudvegar frå Port-au-Prince til Cap-Haïtien og Jacmel. Ved hovudstaden ligg det ei internasjonal lufthamn, der flytrafikken til utlandet vert teken hand om av utanlandske selskap. Den viktigaste hamnebyen er Port-au-Prince, der 60 % av utanrikshandelen går føre seg. Andre hamnebyar er Cap-Haïtien på nordkysten, og Les Cayes og Jacmel på sørkysten.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå haitisk kultur.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

«Bigga Haitian» er ein kjend musikar frå Haiti.

Ettersom den opphavlege folkesetnaden vart systematisk utrydda, forsvann også den førkolumbiske musikken, men ein rituell ringdans, areyto, er mellom det som har overlevd. Musikken i Haiti i dag har røter til hovudsakleg Europa, grunna koloniseringa, og Afrika, grunna slavehandelen. Den europeiske påverknaden har hovudsakleg kome frå Frankrike og Spania, via Cuba og Den dominikanske republikken. Stilar som er særeigne for Haiti har stort sett opphav i voodoo-tradisjonen. I tillegg kjem den svært populære musikksjangeren compas. Populærmusikken har mange likskapstrekk med tilsvarande musikk på mellom anna Guadeloupe og Martinique. Alan Lomax var den fyrste som spela inn haitisk musikk. Dette var i 1937, på oppdrag frå Library of Congress i USA.

Frå 1800-talet utvikla det seg eit offentleg musikkliv i Haiti. Påverknaden frå Frankrike var sterk, ettersom musikarane tok utdanninga si i Paris og dei fleste musikkinstrumenta vart importerte derifrå. I 1860 vart det opna eit statleg musikkonservatorium i landet. Trass i dominans frå Europa, er det musikk i mindre former som har vorte det mest populære, som salongstykke i form av valsar og andre dansesatsar, méringue og prosesjonsmusikk. Dessutan har militærorkester spela ei viktig rolle i musikkhistoria til landet. Justin Élie (1883–1931), som var ein haitisk komponist, vart internasjonalt kjend som pianovirtuos.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Skodespel har lenge vore ein populær sjanger i Haiti. Det vart til dømes skrive mange skodespel i samband med lausrivinga frå Frankrike i perioden 1791–1804. Same typen patriotiske skodespel vart også skrivne då landet var okkupert av den USA-amerikanske marinen i 1915–1934, til dømes Le Forçat («Fangen», 1923) av Dominique Hippolytes.

Teaterstykke har også fleire gonger vorte brukt til å vise at også haitisk-kreolsk er eit fullverdig kulturspråk. I 1953 sette til dømes dramatikaren Félix Morisseau-Leroy opp sitt eige skodespel, Antigone en créole («Antigone på kreolsk»). Frankétienne (Franck Étienne) har også vore viktig i dette arbeidet. Eit anna grep som har vore brukt, er å hente inn katolske ritual og element frå den lokale voodoo-kulturen. Franck Fouché var ein føregangsmann for dette, og ein ser det også i skodespelet Kaselezo (1985) av Frankétienne, som handlar om ei blind voodoo-prestinne. Frå 1980-åra og framover har Gérard Chenet vore den mest kjende dramatikaren i landet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Det er fyrst etter sjølvstendet i 1804 at det gjev meining å snakke om ein eigen nasjonallitteratur i Haiti. Den franske litteraturen var ei viktig inspirasjonskjelde for denne, men heile tida har den haitiske litteraturen også vore nært knytt til det politiske livet i landet. Den fyrste litteraturen var av patriotisk karakter, mellom anna med kritikk mot dei dåverande raseteoriane. I den fyrste delen av århundret er dette representert ved til dømes Le Système colonial dévoilé (1814) av baron Pompée Valentin Vastey, medan ein seinare fekk viktige verk som L’Égalité des races (1884) av Louis-Joseph Janvier, De l’Égalité des races humaines (1885) av Anténor Firmin og De la Réhabilitation de la race noire (1900) av Hannibal Price. Mot slutten av århundret utvikla det seg også ein realistisk stil som tok opp lokale problem, med forfattarar som Frédéric Marcelin, Alcibiade Fleury Battier og Antoine Innocent.

Indigénisme («det innfødde») var ei litterær retning som voks fram på byrjinga av 1900-talet. Her søkte ein å finne fram til ein felles kulturell identitet, og viktige forfattarar frå perioden er Jean Price-Mars og Jacques Roumain. Fyrstnemnde var oppteken av dei folkelege tradisjonane, medan Roumain hadde eit meir politisk siktemål. Etter 1950 vart litteraturen igjen sterkt politisk prega, grunna Duvalier-diktaturet og kampen for politisk og kulturelt sjølvstende, og mange forfattarar måtte i kortare eller lengre periodar leve i eksil. Ein fekk surrealistiske og avantgardistiske lyrikarar som René Depestre, Magloire Saint-Aude og Villard Denis, og ein fekk politisk og sosialt prega forfattarar som Anthony Phelps og Roger Dorsinville. I tillegg stod fleire kvinnelege forfattarar, som Marie Chauvet og Marie-Thérèse Colimon-Hall, fram. Men i åra etter 1980 har det litterære livet dabba mykje av, truleg grunna dei store krisene i politikken spesielt og samfunnet generelt. Lyonel Trouillot er likevel ein kjend forfattar frå denne perioden som framleis er aktiv, med prosa og lyrikk på både haitisk og fransk.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Målarkunsten i Haiti var, som litteraturen, lenge prega av europeiske førebilete, og då hovudsakleg av fransk og italiensk barokk og fransk og britisk romantikk. Motiva var ofte historiske og heroiske. Mykje av den historiske kunsten frå Haiti gjekk tapt då Nasjonalpalasset, der den nasjonale samlinga av måleri var plassert, vart øydelagt i 1912. Indigénisme, som i utgangspunktet var ei litterær nyskaping, bana også vegen for ein eigen haitisk kunst frå 1890-åra. Seinare, i 1920-åra, voks interessa for haitisk kultur mykje. Eit kjent måleri frå denne tida er Den krossfesta opprøraren Charlemagne Perrault (1920) av Edouard Goldman. Philomé Obin måla seinare det same motivet som ei visualisering av den haitiske historia.

Centre d’Art i Port-au-Prince, som vart grunnlagt i 1945, innleidde ein viktig periode for haitisk kunst. Frå vesentleg sjølvlærde målarar som Rigaud Benoit, Hector Hyppolite og Wilson Bigaud fekk ein naivistiske og fantasifulle måleri. I skulpturkunsten tok ein i bruk skrapmetall: Georges Liautaud, og mange med han, byrja å klippe figurar i jern. Ei anna gruppe valde å fjerne seg frå folkekunsten, for i staden å arbeide i ein meir internasjonal stil. Den mest kjende nolevande kunstnaren frå Haiti er nok Hervé Télémaque, som i dag er busett i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans Petter Buvollen: «Haiti – historie» hjå Store norske leksikon, innhenta 17. januar 2010.
  2. 2,0 2,1 Christina Milsom: «Haiti» hjå Latin-Amerikagruppene i Norge.
  3. Cato Næverdal: «Haiti – geologi og landformer» hjå Store norske leksikon, innhenta 16. januar 2010.
  4. Denis Lepage: «Bird Checklists of the World – Haiti» hjå Avibase, innhenta 26. februar 2011.
  5. «Haiti – Forestry in Haiti» hjå Library of Congress Country Studies, innhenta 14. mai 2011.
  6. Amy Bracken: «Deforestation Exacerbates Haiti Floods Arkivert 2010-01-17 ved Wayback Machine.» (22.09.2004), innhenta 14. mai 2011.
  7. «Country profile: Haiti» hjå BBC News (10.11.2008), innhenta 18. januar 2010.
  8. «New Haiti Census Shows Drastic Lack of Jobs, Education, Maternal Health Services Arkivert 2013-05-14 ved Wayback Machine.» hjå United Nations Population Fund (UNFPA), innhenta 18. januar 2010.
  9. «Haiti – Population» hjå Library of Congress Country Studies, innhenta 18. januar 2010.
  10. «Reaching Out to a Devastated Haiti» hjå The New York Times (14.01.2010), innhenta 18. januar 2010.
  11. «The Upper Class» hjå Library of Congress Country Studies, innhenta 18. januar 2010.
  12. «Aimaq, Firozkohi of Afghanistan Ethnic People Profile» hjå the Joshua Project, innhenta 18. januar 2010.
  13. «The Virtual Jewish History Tour: Haiti» på Jewishvirtuallibrary.org, innhenta 18. januar 2010.
  14. Albert Valdmann: «Creole: The National Language of Haiti Arkivert 2015-07-13 ved Wayback Machine.» på Indiana.edu, innhenta 18. januar 2010.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 CIA – The World Factbook – Haiti Arkivert 2016-01-31 ved Wayback Machine..
  16. Elizabeth McAlister: «The Madonna of 115th St. Revisited: Vodou and Haitian Catholicism in the Age of Transnationalism.» i S. Warner [red.]: Gatherings in Diaspora (Philadelphia i USA: Temple Univ. Press, 1998).
  17. Coupeau 2008, s. 15.
  18. Coupeau 2008, s. 4.
  19. Joseph Philippe Antonio: «Restitution by France to Haiti» på HaitiAction.net (10.04.2003), innhenta 15. januar 2010.
  20. «Haiti facing 'major food crisis'» hjå BBC News (01.05.2008), innhenta 15. januar 2010.
  21. «Haitian senators vote to fire PM» hjå BBC News (12.04.2008), innhenta 15. januar 2010.
  22. «Population totale, population de 18 ans et plus menages et densites estimes en 2009» hjå Institut Haïtien de Statistique et d’Informatique, innhenta 12. mai 2011.
  23. ««Haiti: largest cities and towns and statistics of their population». Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 12. mai 2011. » hjå World Gazetteer, innhenta 30. juli 2010.
  24. «Haiti – GDP Growth» hjå IAEA, innhenta 16. januar 2010.
  25. «Report: 225,000 Haiti children in slavery» på USAtoday.com (22.12.2009), innhenta 16. januar 2010.
  26. «2006 Corruption Perceptions Index reinforces link between poverty and corruption Arkivert 2006-11-07 ved Wayback Machine.» hjå Transparency International (06.11.2006), innhenta 16. januar 2010.
  27. Didier Revol: «Hoping for change in Haiti’s Cité-Soleil Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.» hjå International Red Cross, innhenta 16. januar 2010.
  28. «Haiti Gets US$1.2 Billion of Debt Relief[daud lenkje]» hjå Verdsbanken (30.06.2009), innhenta 16. januar 2010.
  29. «At a glance: Haiti» hjå UNICEF, innhenta 21. mars 2010.
  30. Madison Park: «Haiti earthquake could trigger possible medical 'perfect storm'» hjå CNN (13.01.2010), innhenta 21. mars 2010.
  31. Stephen Leahy: «ENVIRONMENT: Haiti Can't Face More Defeats» på Ipsnews.net (13.11.2008), innhenta 21. mars 2010.
  32. Nick Caistor: «Haiti's Aids and voodoo challenge» hjå BBC News (20.11.2003), innhenta 21. mars 2010.
  33. «Haiti Introduction» hjå Globalsecurity.org, innhenta 21. mars 2010.
  34. «Haiti and Dominican Republic Look to Eradicate Malaria» hjå FOXNews.com (09.10.2009), innhenta 21. mars 2010.
  35. «Education: Overview Arkivert 2007-10-17 ved Wayback Machine. hjå United States Agency for International Development, innhenta 21. mars 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]