Missourielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Missourielva
Kart over Missourielva

Missourielva, engelsk Missouri River, er den lengste elva i Nord-Amerika. Kjeldene til elva er i Rocky Mountains, vest i delstaten Montana. Derifrå renn ho austover og sidan sørover i 3 767 kilometer, før ho renn ut i Mississippielva nord om St. Louis i delstaten Missouri. Elva får tilførsle frå eit tynt folkesett steppelandskap på om lag 1 300 000 km2, eit nedslagsfelt som omfattar delar av ti delstatar i USA og to provinsar i Canada. Saman med nedre delen av Mississippielva dannar Missourielva verdas fjerde lengste elvesystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]