Mizen Head
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mizen Head (irsk Carn Uí Néid), tidlegare kalla Ivaghahalvøya, er det sørvestlegaste punktet på Irland. Neset ligg vest i grevskapet Cork i Republikken Irland og er ein turistattraksjon. På neset står ein gamal signalstasjon, ein vêrstasjon og eit fyr. Signalstasjon er i dag eit museum. Dei «99 trappetrinna» er ei rekkje trapper på stien opp til toppen av neset der stasjonen vart bygd. Landsbyane Ballydehob, Goleen og Schull ligg på halvøya.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mizen Head frå Engelsk Wikipedia .