Consto Arena
Utsjånad
(Omdirigert frå Mjøndalen Arena)
Mjøndalen Arena | |||||
Brukarar | Mjøndalen Idrettsforening | ||||
Underlag | Kunstgras | ||||
Kapasitet | 2 500 (2 100) | ||||
Tilskodarrekord | 15 300 | ||||
Tidlegare namn | Nedre Eiker Stadion | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
Consto Arena er ein fotballarena i Mjøndalen i Drammen kommune. Fotballbarenaen vert brukt av 1. divisjonslaget, Mjøndalen Idrettsforening.
Stadion heitte tidlegare Nedre Eiker Stadion, men endra namn til Mjøndalen Arena etter ei større utbygging i 2011/2012, som omfatta ny bane med kunstgrasdekke og undervarme, lysanlegg i høve krav frå Norges Fotballforbund og ny hovudtribune med 1500 sitteplassar under tak med alle fasilitetar. Stadionet har i tillegg til sitteplassar på hovudtribunen òg om lag 600 ståplassar, noko som gjev ein kapasitet på 2 100 tilskodarar ved fotballkampar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mjøndalen Arena» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ MIF.no – Endelig nytt stadion Arkivert 2017-06-30 ved Wayback Machine. (vitja 23. mai 2012)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Consto Arena». Mjøndalen IF. Henta 10. september 2020.