Mobiltelefon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samsung mobiltelefon.
Mobiltelefon frå 1980-talet
Moderne smarttelefon med underhaldning frå internett

Mobiltelefon (ofte berre mobil) er ein berbar kombinert radiosendar og -mottakar, med mikrofon og høgtalar for samtalar via eit mobilnett. Framover i 2000-talet vart mobiltelefonane etter kvart utstyrt med skjerm for å kunne nyttast til andre tenestar enn berre samatalar, som til dømes sendingar av tekstmeldingar og bilete, og fekk dessutan innebygde miniatyrkamera. Etter kvart kom såkalla smarttelefonar på marknaden som gav full tilgang til internett, e-post, bank- og betalingstenester, internettspel, overføring av filmar og nyhendeprogram som kunne sjåast på telefonen og mykje meir, og med kamera som gjorde telefonen til eit digitalt miniatyrkamera av god kvalitet.

Mobiltelefonar og stråling[endre | endre wikiteksten]

Ein telefon som er på, men ikkje i bruk, sender ut signal i samband med oppgradering av programvaren som ligg i telefonen, og dessutan ein signaturpuls til næraste basestasjon for å melde frå kvar telefonen er i landskapet. Strålinga som desse funksjonane gjev er så kortvarig at det ikkje er grunn til å bry seg om dette. [1]

Men det har vore diskutert mykje om det kan vere helsefare ved stråling frå telefonen når han er i bruk. Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har eit internasjonalt kreftforskingsinstitutt, IARC, som har vurdert risikoen for kreft i samband med å verte utsett for stråling frå elektronisk kommunikasjonsutstyr (til dømes mobiltelefonar og trådlause nettverk) og klassifisert det som mulig kreftframkallande (gruppe 2 B). WHO presiserer at det kan vere mogleg at det er ein årsakssamanheng, men at det ikkje kan avvisast at metodeproblem kring denne forskinga har ført til denne konklusjonen. WHOs vurdering av klassifiseringa er at det ikkje er grunnlag for å forvalte dette meir varsamt enn det vert gjort i dag.

Mobiltelefonen sender ut radiofrekvente signal. Når telefonen vert halde nær kroppen, vil noko av denne feltenergien vert teke opp av kroppen. Dette kan føre til oppvarming av vevet i kroppen, og kan gje akutte biologiske effektar dersom denne oppvarminga er stor nok. Omgrepet SAR (Specific Absorption Rate) vert nytta for den mengda energi per tids- og masseeining som vert absorbert, og vert rekna i watt per kilo (W/kg). ICNIRP (den internasjonale strålevernkommisjonen for ikkje-ioniserande stråling) tilrår at SAR-verdien ved eksponering av hovudet på eit menneske ikkje bør overstige 2 W/kg som gjennomsnittsverdi over 10 gram vev og midlet over ein periode på 6 minutt. I desse grenseverdiane er det innrekna ein tryggingsmargin, og temperaturstigninga ved dette nivået vert rekna som trygt. Mobiltelefonprodusentane må følgje denne standarden. I Europa er det forbode å selje mobiltelefonar som overstig 2 W/kg, og alle produsentar må fylgje dette pålegget for å kunne påføre CE-merket på produktet.

SAR-verdiane vert oppgjeve for maksimal sendereffekt, og er for mobiltelefonar mellom 0,1 og 1,9 W/kg. Normalt vil SAR-verdiene for trådlause telefonar liggje mellom 0,05 - 0,1 W/kg. Det er produsentane som har ansvaret for å godgjere at desse krava er stetta før mobiltelefonane vert marknadsførte. Opplysningar om SAR-verdiar for dei einskilde modellane bør finnast i dei manualane som følgjer med telefonen, og på internettsidene til produsentane. Det er altså dei låagste SAR-verdiane som vitnar om minst stråling.

Dersom det er dårlig dekning, skrur mobiltelefonen automatisk opp styrken, og strålinga aukar. Difor er det alltid ein føremon om det ikkje er langt til næraste basestasjon når mobiltelefonen er i bruk, då det både syter for mindre stråling for brukaren, og gjev ei problemfri dekning. Det er elles fleire faktorar som påverkar kor mykje energi som vert absorbert av kroppen. Dess mindre avstand der er mellom kropp og telefon, dess meir effekt vert absorbert. Berre ved å halde telefonen nokre centimeter vekk frå hovudet, vert absorpsjonen redusert monaleg. Men òg utforminga av telefonen, materialet i han, utforminga av antenna og plasseringa av antenna i telefonen, verkar inn på absorpsjonen. Telefonens frekvens er likeeins avgjerande for kor langt inn i kroppen energien vert avsett, og jamvel storleiken på personens hovud og dei elektriske eigenskapane i vevet speler ei rolle. Mest effekt vert absorbert i vasshaldig vev, som hud, musklar, blod og hjerne, medan fett og bein absorberer mindre.

Den danske Sundhedsstyrelsen tilrår at ein held seg til eit føre var-prinsipp ved bruk av mobiltelefonar: Ein bør nytte hovudsett eller handfrifunksjonen, avgrense lengda på samtalane og heller sende meldingar enn å samtale; unngå lange samtaler under dårlege dekningstilhøve (sjå markeringa av dekningstilhøva på displayet på telefonen) og i transportmiddel; ikkje dekke til telefonen med sølvpapir eller særlege futteral eller liknande; ikkje sove med telefonen nær hovudet. Før kjøp av telefon bør ein samanlikne SAR-verdiane for dei ulike telefonane, ettersom lågare SAR-verdiar medfører lågare eksponering. [2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første handhaldne mobiltelefonapparatet vart produsert i 1983 (Motorola DynaTAC), men større einingar, som var mobile fordi dei kunne takast med i ein bil eller ein båt, har eksistert heilt sidan 1950-åra, og var i utstrekt bruk blant visse yrkesgrupper i Noreg frå midten av 1970-åra.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]