Modelljarnbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Del av ein modelljarnbane.

Ein modelljarnbane er ein modellbygd miniatyrutgåve av ein jarnbane. Eit fastmontert modell vert kalla modelljarnbaneanlegg, eller berre MJ-anlegg. Nokre modellbyggjarar byggjer sine anlegg etter førebilete på verklege jarnbaner og prøver å få modellen så lik som mogeleg. Andre byggjer etter fri fantasi.

Mange modelljarnbaneenuiastar samlar seg i klubbar der medlemmane byggjer og driftar eit felles anlegg. Trondhjem Modelljernbaneklubb som vart starta i 1955 er Noregs eldste aktive modelljarnbaneklubb.

Skalaer[endre | endre wikiteksten]

Eit propanfyrt tog i 1:8 skala som vert køyrd av det finske jarnbanemuseet.
1:8, 1:24(G), 1:48(O), 1:64(S),1:87(HO), Brio, 1:160(N), 1:220(Z)
1:24(G), 1:48(O), 1:64(S),1:87(HO), Brio, 1:160(N), 1:220(Z)

Modelljernbaner kan byggjast i ei rekke forskjellige skalaer, der den største er nesten ti gongar så stor som den minste. Den mest vanlege skalaen er H0 (utt. Hå null) som har eit størrelsesforhold på 1:87.

Skalens namn Størrelsesforhold Sporvidde
2 (II)
2m (G)
1:22,5 64 mm
45 mm
1 1:32 45 mm
0 1:45 32 mm
S 1:64 22,5 mm
H0 1:87 16,5 mm
TT 1:120 12 mm
N 1:160 9 mm
Z 1:220 6,5 mm

Ein har andre skalaer og, men desse er dei mest kjende. I tillegg til desse finn ein blant anna ei rekkje større skalaer slik som til dømes 1:8 og 1:11. Desse er så store at folk kan sitte oppå toga medan ein køyrer. Slike tog er sjølvsagt plasskrevjande og dyre, spesielt om ein ikkje vil byggje dei sjølv. Ein jernbane i ei slik skala er difor helst for dei med stor lommebok og enda større hage.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]