Hopp til innhald

Moduldiskusjon:Nynorskordboka og Bokmålsordboka

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorskordboka og Bokmålsordboka skal vel ha stor bokstav i namnet? Det har dei på nettsida si. Men eg vågar ikkje heilt endra modulen. --Ranveig (diskusjon) 31. mars 2013 kl. 18:30 (CEST)[svar]

Formuleringa er nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet; d.e. éi nynorskordbok av mange. Elles er alt inne mellom hermeteikn vanleg tekst (minder det finst klammer eller parentesar før og etter hermeteikna; då kan det finnast spesialteikn) og kan som regel endrast utan vidare komplikasjonar. --Njardarlogar (ordskifte) 31. mars 2013 kl. 18:39 (CEST)[svar]
Men begge desse namna er titlane til bøker som i tillegg til å vera digitalt tilgjengeleg ved Dokpro også finst på papir. Eg klarte å gjera nokre endringar, men jobba litt i blinde ettersom markøren ikkje var plassert på same stad som det blei gjort endringar i teksten (med Firefox i Linux). --Ranveig (diskusjon) 31. mars 2013 kl. 21:05 (CEST)[svar]
Både Chrome og Firefox ser ut til å fungera heilt normalt på Windows 7. Ein kan slå av kodehandsamaren oppe i venstre hyrnet i endringsvindauga og endra modulinnhaldet som vanleg wikitekst på den måten. --Njardarlogar (ordskifte) 31. mars 2013 kl. 23:26 (CEST)[svar]
Flott, godt tips! Mogleg eg har gammal og krøkkete programvare. --Ranveig (diskusjon) 1. april 2013 kl. 00:25 (CEST)[svar]

Dokumentasjonsprosjektet vert ikkje lenger nemnt når det gjeld Nynorskordboka, no er ho eit samarbeid mellom Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO og Språkrådet, sjå http://www.nob-ordbok.uio.no/om_nn.html For den gamle utgåva var det Dokumentasjonsprosjektet som hadde laga nettversjonen. http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek_nynorsk_retro.html --178.232.139.217 1. april 2013 kl. 01:01 (CEST)[svar]