Moduldiskusjon:Taksoboks/Taksonomidata frå Wikidata

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Feil for tofrøbladingar[endre wikiteksten]

Plantar under ekte tofrøbladingar gav med eitt skriptfeil, så eg har lagt inn ei linje som hindrar denne feilen og hentar inn taksonomidata så godt som råd. Taksonomien ser ut til å stoppa opp ein stad, kanskje der ein klade har eit taksonomisk nivå merka med "ingen verdi", eller noko anna rart. Ranveig (diskusjon) 15. januar 2023 kl. 16:57 (CET)[svar]

Taksonomien ser no ut til å stoppa opp ved "orden", som ikkje er ideelt, men er trur det er betre enn 700 sider med skriptfeil. Ranveig (diskusjon) 15. januar 2023 kl. 17:15 (CET)[svar]
Skal få sett på det etter kvart. Veit ikkje kvifor det plutseleg skulle verta eit problem her; kan vera tale om vandalisme. --Njardarlogar (ordskifte) 16. januar 2023 kl. 22:24 (CET)[svar]
Syndaren var karplantar (Q27133) og ei nyleg endring der, samstundes som modulkoden ikkje var konsekvent med kva påstand som vart nytta.
Teknisk opplysing: for å snøgt finna fram til kvar vansken ligg kan ein til dømes leggja til denne lina ein høveleg stad i koden og førehandsvisa ei side med feil:
mw.log(taksonomielement:getLabel('en'))
Utdata kjem nedst på sida i bolken for profildata til parseren, under «Lua-loggar». --Njardarlogar (ordskifte) 17. januar 2023 kl. 20:15 (CET)[svar]
Fantastisk. No ser alt som var problematisk greitt ut att. Ranveig (diskusjon) 17. januar 2023 kl. 21:30 (CET)[svar]