Moelven Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Moelven IL)

Moelven Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Moelv i Ringsaker kommune. Laget vart stifta 25. juni 1918 som Fotballgruppa Trygg. Idrettslaget er aktivt med i fotball, friidrett, handball, ski, turn og allidrett. Laga spelar i blå og kvite vertikalstripa trøyer og elles blått.

Moelven IL har særleg utmerka seg i friidrett. Noregsrekordhaldaren på 400 meter, Håvard Bentdal Ingvaldsen, vart nummer sju på distansen under VM i friidrett 2023. Ein annan rekordhaldar, stavhopparen Lene Retzius, var i yngre år Moelv-medlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]