Lene Retzius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lene Retzius
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1996 (26 år)
Idrett friidrett

Lene Onsrud Retzius (fødd 4. januar 1996) er ein norsk friidrettsutøvar frå Moelv i Hedmark. Ho vart norsk meister i stavhopp 2014-17 og 2019-20. I 2018 sette Retzius norsk rekord i øvinga med eit hopp på 4,50 meter. Ho var medlem i Moelven IL til 2014, sidan 2015 har ho representert IL i BUL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

15-årige Retzius kom på delt andreplass i stavhopp ved Friidretts-NM 2011, då Cathrine Larsåsen forbetra norgesrekorden til 4,31 meter og vann suverent. I 2014 vann Retzius det fyrste av fire strake NM-gull i stavhopp. Ho sikra seg medaljen ved å vere den fyrste over 3,80 m. Dei tre neste åra sikra ho seg gullmedaljen med hopp på 4,00 m, deretter 4,10 m og så 4,20 m.

Den 30. mai 2018 sette Retzius noregsrekord i stavhopp med 4,50 meter på Lambertseter stadion i Oslo. I noregsmeisterskapen 2018 stoppa ho på 3,90 m og enda på sølvplass. Året etter gjekk ho over 4,32 m og sette meisterskapsrekord ved NM på Hamar. Sommaren 2021 tangerte ho noregsrekorden ved eit stemne i Genève.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]