Molotovcocktail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opprørar med molotovcocktailar i Kiev i Ukraina i februar 2014.

Molotovcocktail eller brannflaske er eit primitivt sprengvåpen som består av ei flaske med brennbar væske, som olje eller bensin, og ei seintbrennande lunte. Ettersom molotovcocktailar er raske, enkle og billige å framstilla er dei vanlege å bruka ved gatekampar, opptøyar, geriljaverksemd og liknande.

Finsk soldat med molotovcocktail under vinterkrigen

Molotovcocktailar blei brukt av finske soldatar mot sovjetiske stridsvogner under Vinterkrigen 1939–40. Dei har namn etter Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov, den sovjetiske folkekommisæren for utanrikssaker på denne tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Brannflaske» (30. oktober 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2015.
  • «Molotovcocktail» (30. oktober 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Molotovcocktail