Molvikelva i Berlevåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molvikelva
elv
Land  Norge
Fylke Finnmark
Kommune Berlevåg
Lengd 14,8 km
Munning Tanafjorden ved Store Molvik
Kart
Molvikelva
70°47′26″N 28°45′15″E / 70.79067°N 28.75409°E / 70.79067; 28.75409

Molvikelva (nordsamisk Stuorrajohka, i øvre løp Skierrevárjohka) er ei elv i Berlevåg kommune i Finnmark.[1] Ho har utspringet sitt på nordaustsida av fjellet Baikačearru. Elva renn først mot nord, men vest for Sløketoppen snur ho mot vest-sørvest og renn ned Molvikdalen. Elva munnar ut i Tanafjorden ved Store Molvik og er 14,8 kilometer lang[2].

Vassdraget er utan noka fast busetjing, men det er eit hyttefelt i Molvikdalen. Ein kommunal grusveg til mellom Berlevåg og Store Molvik går langs nedre del av elva.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «NVE Atlas». Vassdrag – Elvenett. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 7. desember 2017
  2. «NVE Atlas». Vassdrag – Nedbørfelt – Nedbørfelt til hav. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 7. desember 2017