Montbéliard
| Montbéliard | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Doubs | |
| Først nemnd i | 985 | |
| Flatevidd | 15,01 km² | |
| Flatevidd • By |
15,01 km² | |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
27 570 1 837/km² | |
| Koordinatar | 47°31′N 06°48′E / 47.517°N 6.800°E | |
| Høgd | 337 m | |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
| Postnummer | 25200 | |
| Bilnummer | www.montbeliard.com | |
Montbéliard er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Doubs i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart først nemnd i 985 som Mons Beliardae, og vart eit grevskap i Det tysk-romerske riket på 1000-talet. Byen vart på gamaltysk kalla Mömpelgard og i 1397 gjekk grevskapet via giftarmål til Huset Württemberg. I 1524, 10 år tidlegare enn i Württemberg, innførte grev Ulrich og reformator William Farel protestantisme i Mömpelgard. Frå 1598 til 1608 bygde arkitekten Heinrich Schickhardt fleire landemerke i byen, som St. Martin, eit slott, ei bru, eit universitet og fleire hotell.
Etter den franske revolusjonen vart byen ei kort tid innlemma i Den raurakiske republikken, og i 1793 annektert av Frankrike. Dette vart stadfesta i 1706 og av Reichsdeputationshauptschluss i 1806, då Württemberg som kompensasjon fekk andre område og vart eit kongedøme.
Som følgje av styret under hertugane av Württemberg har byen i fleire hundreår vore ein protestantisk enklave i Frankrike.
