Monte Toraggio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monte Toraggio
Høgd over havet 1 971 m s.l.m.
Land  Italia,  Frankrike
Område På grensa mellom Provinsen Imperia og Alpes-Maritimes
Fjellområde Dei liguriske Alpane
Koordinatar 43° 58′ 34″ N, 7° 39′ 12″ AKoordinatar: 43° 58′ 34″ N, 7° 39′ 12″ A
Monte Toraggio (Alpen)
Monte Toraggio (Alpen)
Monte Toraggio
Monte Toraggio
Bergart sedimentære bergartar


Monte Toraggio (ligurisk: Turage) er eit 1 971 meter høgt fjell på grensa mellom den italienske regionen Liguria og det franske departementet Alpes-Maritimes.

Eit særmerke ved Monte Toraggio er at fjellet har to hovudtoppar knytt saman av ei 250 meter lang egg. Med sine 1971,6 meter er Vesttoppen berre 30 cm høgare enn Austtoppen.

Fjellet inneheld sedimentære bergartar, ved foten for ein stor del kalkmergel, høgare oppe òg nummulittkalk. På grunn av dei geomorfologiske eigenskapane til desse bergartane, og floraen og faunaen på fjellet, er Monte Toraggio omfatta av habitatdirektivet til EU.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]