Moresbyøya
Utsjånad
| Moresbyøya | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | British Columbia | ||
| Areal | 2 608 km² | ||
| Folketal | 402 | ||
![]() Moresbyøya 53°04′44″N 132°07′40″W / 53.078889°N 132.127778°W | |||
| Wikimedia Commons: Moresby Island (Haida Gwaii) | |||
Moresbyøya (engelsk Moresby Island) er ei 3 399 km² stor øy som er del av Haida Gwaii i provinsen British Columbia i Canada. Øya ligg, saman med fleire nærliggande små øyar og holmar, i den sørlege delen av øygruppa. Ved folketeljinga i 2006 budde 402 personar på øya. Nesten alle innbyggarane held til i Sandspit, på nordaustspissen av Moresbyøya. Øya er skilt frå Grahamøya i nord av eit trongt sund.
Moresbyøya er kalla opp etter ein britisk admiral, Fairfax Moresby.[1]
Øya er del av Gwaii Haanas National Park Reserve and Haida Heritage Site.
27. oktober 2012 råka eit jordskjelv med ein magnitude på 7,7, det sterkaste jordskjelvet i Canada sidan 1949, området. Episenteret var 17,5 kilometer (10,9 mile) under øya.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «BC Geographical Names», apps.gov.bc.ca, henta 2. juni 2022
- ↑ U.S. Geological Survey 28. oktober 2012 Haida Gwaii earthquake
- Denne artikkelen bygger på «Moresby Island» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2011.

