Morin khuur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sambuugijn Pürevzjav frå ensemblet Altaj Khajrkhan under ei framsyning i Paris i 2005.

Morin khuur (mongolsk морин хуур), også kalla hestehovudfiolin, er eit mongolsk musikkinstrument. Det er tostrenga, og ein held instrumentet mellom knea og spelar det med boge. Resonanskassa er trapesforma.

Instrumentet blei ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv i 2003.[1]

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Ein tradisjonell morin khuur skal ha to strengar, ein med 130 hår frå ein hingst og den andre strengen av 105 hår frå ei hoppe. I nyare tid er dei som oftast laga av nylonstrengar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Traditional music of the Morin Khuur». unesco.org. Henta 7. september 2009. 
  2. «Morin khuur». www.silkroadproject.org. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 24. april 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Morin khuur
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.