Mossø
Mossø | |||
innsjø | |||
Mossø sett frå nordaust omkring Alken
| |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Kommunar | Skanderborg Kommune, Horsens Kommune | ||
Utløp | Gudenå | ||
Nedslagsfelt | 624 km² | ||
Høgd | 22,30 over DNN moh. | ||
Areal | 16,9 km² | ||
Djupn | 9 m | ||
Største djupn | 22 m | ||
Volum | 151 mill. m³ | ||
Kart | |||
Mossø 56°02′15″N 9°46′30″E / 56.0375°N 9.775°E | |||
Wikimedia Commons: Mossø |
Mossø ved Skanderborg er den fjerde største innsjøen i Danmark og den nest største i Jylland, etter Stadil Fjord. Han er ein del av Gudenåsystemet. Sjøen har ei lengd på om lag 10 km og ei breidd på knapt 2 km. Han har eit overflateareal på ca. 16,9 km² og ei maksimal djupne på 22 meter. Innsjøen og områda kring vart freda i 1977.
Mossø blei danna under den siste istida, altså for om lag 10 000 år sidan. Djupnemessig er Mossø delt i to basseng – eit lite og grunt i vest og eit stort og særs djupt i aust. Dei to bassenga er skilde av ein grunn tange, som frå Emborg Odde strekker seg nesten heilt over til sørsida. Mossø renn ut i Gudenå nær Klostermølle i vestenden av vatnet.
Sjøen er omgitt av skog, eng og åkerland. På somme stader er det store røyrskogar og myrområde langs breiddene av sjøen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mossø» frå Wikipedia på dansk, den 16. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Mossø, frå Naturstyrelsen (dansk)