Skog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gammal granaskog i Andebu i Vestfold fylke.
Foto: K.A. Gallis
Typisk furumo
Lauvskog vinterstid

Ein skog, au kalla skau i mange austlandsmål, er eit område dekt med tre. Mindre tredekte område i eit elles ope landskap blir kalla lund eller holt. Ein vill og uframkomeleg skog kan kallast jungel, eit omgrep som også i stor grad er blitt nytta om tropisk regnskog.

Definisjon av skog[endre | endre wikiteksten]

Knut Skinnemoen har formulert denne definisjonen av skog:

Skog er eit område der det veks tre, og som elles oppfyller følgjande krav:

  • Trea må kunne nå ei viss høgd. Denne høgda er ikkje fast, men ved definisjon av fjellskoggrensa er ho foreslått sett til 3 meter.
  • Trea må stå så tett at dei gjensidig påverkar kvarandre. Ved definisjon av fjellskoggrensa er minsteavstanden i skog sett til 30 meter.
  • Det tresette arealet må ha ein viss storleik, i det minste så stor at tresamfunnet er skikka til varig produksjon av trevyrke.
  • Tettleik og areal må til saman gje opphav til eit skogklima som skil seg frå klimaet i området utanom skogen (i «omgivelsene»).

Etter § 2 i den norske Skogbrukslova er skogsmark etter lova grunn som er skogproduserande, eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.

Skogøkologi[endre | endre wikiteksten]

Skogen høyrer heime i område der nedbøren er større enn fordampinga. Viss det på eit gitt område med klimatiske forutsetningar for skogdanning på ei tid råder ein annan vegetasjonstype, anten på grunn av brann eller menneskeleg aktivitet, vil trea ved den store høgda si og dei vide kronene sine skygge ut annan vegetasjon, sånn at skogen blir klimakssamfunn.

Globalt skil vi gjerne mellom eviggrøn tropisk regnskog, temperert regnskog, bladfellande temperert lauvskog og nordlege (boreale) barskogar. Innanfor desse hovudøkosystema finst det mange undergrupper.

I eit skogøkosystem av nordisk type delar ein gjerne skogen inn i fire sjikt:

  • Tresjiktet
  • Busksjiktet
  • Feltsjiktet, beståande av gras, urter og lyng
  • Botnsjiktet, beståande av mosar, lav og krypande urter

Det er fyrst og fremst feltsjiktet som brukast som kjennemerke for dei økologiske tilhøva. Det karakteriserer fuktforholda, næringstilstanden og lysforholda. Ved klassifiseringa brukast lister med karakteristiske artar, såkalla indikatorartar.

Av dei opphavlege skogane i verda er det berre dei tropiske regnskogane som over større område har bevart den naturlege artssamansettinga og dermed kan kallast urskogar. Av dei andre skogtypane finst det i dag berre mindre urskogsområde, anten som eit resultat av freding eller fordi dei hittil har vore utilgjengelege for økonomisk utnytting. Skogane har vore i tilbakegang heilt sidan steinalderen på grunn av avskoging for beiting og oppdyrking. Dei boreale barskogane har ikkje minka i omfang i like stor grad som dei andre, men moderne skogsdrift har gjennom flatehogst og planting påverka den naturlege artssamansettinga sterkt i retning av einsarta og einsaldra bestand.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skog