Mother av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In the Flesh?
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 5:32
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

Mother er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Han vart gjeven ut på albumet deira The Wall i 1979.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen byggjer seg gradvis opp frå ein roleg intro med akustisk gitar og ei vokalstemme til å inkludere fleire og fleire instrument som harmonium, piano, trommer, elektrisk bass, vokalharmoniar og elektrisk gitar. Songen byrjar med eit tydeleg inn- og utpust før det første verset byrjar rett på, sunge av Roger Waters. David Gilmour syng refrenget, før Waters følg etter med eit nytt vers. Etter enno eit refreng sluttar songen med ei nedbygging og ein ritardando der Waters syng «Mother, did it need to be so high?»

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Som andre songar på The Wall fortel «Mother» ein del av historia om hovudrolla Pink. Songen er ein samtale mellom Pink (stemma til Waters) og mora hans (stemma til Gilmour). Vi får vite at mora er særs oververnande, og utan å vite om det gjev ho sonen nye mursteinar til muren hans som følgje av dette. Ho insisterar på at Pink skal halde seg med ho, sjølv etter at han er vaksen, og toler ikkje at Pink etter kvart vert eldre og forelskar seg.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Mykje handlinga i The Wall er henta frå Roger Waters sitt eige liv, særleg delen om at han mista faren sin under eit slag i Anzio i Italia under Andre verdskrig. Men i motsetnad til kva ein kunne tru, hadde Waters eit mykje betre forhold til si eiga mor, enn det Pink har til si.

Filmversjonen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om songen handlar om forholdet mellom Pink og mora hans, omhandlar filmklippet meir om Pink og kona hans. På slutten kan ein sjå kona til Pink i eit kjærleiksforhold med leiaren i ei antikrigsgruppe.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Gilmour – vokal (refreng), bassgitar, 12-stengs akustisk gitar, elektrisk gitar
  • Roger Waters – vokal (vers), akustisk gitar

med:

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Coverversjon[endre | endre wikiteksten]

Guns N' Roses sin gitarist Slash spelte ofte «Mother» som intro til songen deira «Paradise City» på ein del konsertar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, p.78.