Musculus deltoideus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Musculus deltoideus
Deltoideus.png
M. deltoideus merka i raud.
Norsk namn Deltamuskelen
Gray's subject #123 439
Utspring Øvre og fremre kant av laterale tredjedel av clavicula, acromion og spina scapulae.
Feste    Tuberositas deltoideahumerus.
Arterie A. circumflexa humeri posterior
Nerve N. axillaris
Rørsle Hovudsakleg abduksjon, men òg fleksjon, ekstensjon, utoverrotasjon, innoverrotasjon og adduksjon.
Antagonist M. latissimus dorsi

Musculus deltoideus, på norsk deltamuskelen, er ein av musklane ytst på skulderen. Han gjev opphav til det avrunda omrisset til skuldra ved å dekkje til skulderleddet der han går frå kragebeinet, clavicula, skulderhøgda, acromion, og skulderbladet, scapula og ned til midt på overarmsbeinet, humerus. Muskelen er den viktigaste når ein skal løfte arma strak opp langs sida. Han kan i tillegg gjere mange andre rørsler sidan muskelfibrane går i ulike retningar. Muskelen er innervert av nerven n. axillaris.

Utspring og feste[endre | endre wikiteksten]

M. deltoideus har utspring frå laterale tredjedel av clavicula, acromion og skulderkammen, spina scapulae. Han er ei vidareføring av m. trapezius som festar på dei same plassane som m. deltoideus spring ut frå. Muskelbuken er ei brei og tjukk muskelplate med trekantform som går saman distalt og over i ei tjukk sene som festar lateralt på skaftet på humerustuberositas deltoidea.

Mellom m. deltoideus og m. pectoralis major nedanfor clavicula blir det ei trekanta grop som ein kallar trigonum deltoideopectorale. Ut frå gropa kjem vena v. cephalica som krossar framom overarma og går lateralt ned arma i bindevevsdraget mellom olbogebøyarane og m. triceps brachii.

Rørsle[endre | endre wikiteksten]

Muskelen har muskelfibrar som går i forskjellige retningar. Dette gjer at han kan utføre mange forskjellige rørsler ved å avgrense kva for fibrar som skal nyttast. Ein deler ofte m. deltoideus inn i tre delar, kragebeinsdelen, pars clavicularis, skulderhøgddelen, pars acromialis, og skulderkamdelen, pars spinalis. Når alle fibrane trekkjer seg saman, vil ein abdusere arma (løfte arma ut frå sida) når leddet er over 60°, medan når leddet er mindre en 60° vil bakre og fremre del verke som adduktorer (trekkjer arma ned langs sida). [1] Pars clavicularis ligg fremst og blir òg kontrahert ved fleksjon, innoverrotasjon og adduksjon, pars acromialis ligg i midten og abduserer hovudsakleg, medan pars spinalis som ligg bak er òg viktig ved ekstensjon, utoverrotasjon og adduksjon. Det er funne ut ved å nytte elektromyografi, EMG, som viser kva musklar og del av musklar som nyttast i ulike rørsler.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl, Hans A. (2010). Menneskets funksjonelle anatomi (3 utg.). Cappelen akademisk forlag. s. 398.