Mutopia project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mutopiaprosjektet er ein nettstad som blir driven av frivillige med mål om å skape eit bibliotek av notemateriale i public domain på same måte som Prosjekt Gutenberg gjer over bøker som er offentleg eigedom.

Musikken er henta frå gammalt materiale det ikkje lengre er opphavsrett på. Det nye notematerialet er laga ved hjelp av LilyPond og distribuert i PDF-, PostScript-, Midi- og LilyPond-format.

Det er for tida rundt 1 700 musikkstykke tilgjengeleg, over halvparten for piano. Det finst òg mykje vokalmusikk og og musikk for andre instrument.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]