NASAMS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
NASAMS i Bodø

Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System, forkorta NASAMS, er eit mobilt modulbasert luftvernsystem utvikla av Kongsberg Gruppen i samarbeid med Raytheon.[1] Systemet er brukt av Luftforsvaret i Noreg.

NASAMS bruker ei gruppe radarar som blir plasserte rundt området som systemet skal verne. Kvar radar er kopla til ei kontrollvogn som samlar og analyserer data frå radarane. Kontrollvognane kan kommunisere seg imellom med eit trådlaust kryptert nettverk. Når ein trugsel vert oppdaga, vil eit av dei mange lette utskytningsrampane avfyre eitt eller fleire missil. AMRAAM-missila har eigne radarar for å finne og øydeleggje måla og er ikkje avhengige av resten av systemet etter utskyting.

Ein av fordelane med NASAMS er at det er eit desentralisert system, for å minske skadeverknadene av eit eventuelt angrep. NASAMS er også utvikla for å vere eit mobilt system. Alle modulane kan raskt flyttast ved hjelp av kjøretøy.

Erfaringar viser at NASAMS-systemet er i stand til å utføre oppgåvene sine sjølv med mange manglar. Det treng ikkje å vere eit heilt batteri for å fungere tilnærma optimalt.

NASAMS nær ein flyplass
Finsk Sisu E13TP med NASAMS 2

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NASAMS - Surface Launched AMRAAM, Kongsberg Gruppen, henta 4. november 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]