NM i turn 1962 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i turn 1962 for menn vart avvikla i Turnhallen i Ålesund helga 17.-18. november 1962, med Aalesunds Turnforening som arrangør. Deltakarane tevla i sekskamp.

Sekskamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Åge Storhaug Klepp Idrettslag 56,85
Sølv Harald Wigaard Oslo Turn 54,50
Bronse Knut Thoresen Oslo Turn 54,20
4. Svein Erik Lilja Oslo Turn 53,80
5. Arnfinn Faltinsen Stavanger Turn 53,30
6. Rolf Henriksen Oslo Turn 52,50


Åge Storhaug, som kom eins ærend frå studiestaden Köln, vart bestemann i fem av dei seks øvingane, Knut Thoresen fekk høgste poengsum i ringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]