Nafkam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM) er ei eining under det helsevitenskapelige fakultet (Helsefak) ved UiT Norges arktiske universitet. NAFKAM stimulerer til, utfører og koordinerer norsk forsking innen komplementær og alternativ behandling. Forskningssenteret vart oppretta i 2000 etter initiativ frå Noregs forskningsråd.

Senteret har frå 2002 ført eit register over eksepsjonelle forløp knytta til sjukdom og alternativ behandling (RESF).[1]

NAFKAM opna i 2007 Nasjonalt informasjonssenter for alternativ behandling (nifab.no) på oppdrag frå Helse- og Omsorgsdepartementet, leia av Vinjar Fønnebø. Frå 1. april 2020 var professor Miek Jong leiar for senteret.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Register for eksepsjonelle sykdomsforløp (RESF) - kontakt». NAFKAM (på norsk bokmål). Henta 8. juli 2020. 
  2. «Ny leder for NAFKAM». NAFKAM (på norsk bokmål). Henta 8. juli 2020.