Naglelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naglelo eller nagle-lø(e) er ein reiskap som vert brukt til å justere ein trenagle til rett tjukkleik.

I enklaste form er ei naglelo eit hardt trestykke, oftast turr bjørk, med eit bora hol i. Naglen vert tilsmia eller dreia til han passar i holet, som har same diameter som holet naglen skal brukast i. I nagleloa er det ringa ut for naglehovudet, slik at det og vert tilpassa i høveleg storleik.

Båtbyggarar kan ha ei naglelo som kan brukast til å dreie naglen til rett dimensjon. Ho har knivar som høvlar av naglen når loa vert dreia rundt, om lag som ein blyantkvessar. Denne reiskapen vert og kalla naglesnitte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jakob D. Bjørkedal: Båtbygging i Bjørkedalen. Ord og uttrykk. Volda 1987