Namnet Alba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacobo Fitz-James Stuart y Falcó, hertug av Alba, i 1930 (til høgre i bildet)

Alba er eit namn som kan ha fleire ulike avleiingar. Det kan vera ei kvinneleg form av latinsk Albus, som tyder 'kvit' eller 'lys',[1] eller vera knytt til det spanske, katalanske og italienske ordet alba som betyr 'morgongry'. Namnet kan vera avleidd av germanske ord for 'alv',[2] liknande Alva, eller det kan vera ei kortform av andre namn, som Albertina.[3]

Alba hadde tidlegare (1986-1993) svensk namnedag den 1. mars.

Alba kan også vera eit etternamn, typisk brukt i spanskspråklege land, og er namnet på ei spansk adelsslekt, huset Alba. Hertugtittelen Alba kjem frå Alba de Tormes sør i Spania.

Alba er også det skotsk-gæliske namnet på Skottland, sjå også Albion.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Førenamn
Etternamn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nomina, Historiska museet
  2. Behind the Name
  3. Malmsten, A. (2000): Svenska namnboken, andra upplagan, Bokförlaget Prisma