Napalm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av napalm under ei øving.

Napalm (naftenisk palmittisk syre) er ei lettantenneleg, seintflytand væske som brenn heftig. Stoffet blei funne opp av USA i 1942 til våpenbruk.

Det geléliknande stoffet klistrar seg til hud og er umogleg å slokka, slik at det skapar svært alvorlege brannsår. Likevel er ikkje napalm forbode innanfor folkeretten, og det har vore brukt så seint som under Vietnamkrigen. Napalmliknande bomber har òg vore brukte under Irakkrigen.

Ein SN-konvensjon frå 1980 forbaud bruk av napalm mot sivile, men denne er ikkje ratifisert av senatet i USA.