Narges Mohammadi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Narges Mohammadi

Statsborgarskap Iran
Fødd 21. april 1972 (52 år)
Zanjan Sjå dette på Wikidata
Yrke menneskerettsaktivist, journalist
Organisasjon Defenders of Human Rights Center
Religion Islam
Ektefelle Taghi Rahmani Sjå dette på Wikidata
Prisar Nobels fredspris, Per Anger-prisen, Andrei Sakharov Prize, 100 Women, Internationaler Alexander Langer Preis, Olof Palme-prisen, UNESCO/Guillermo Cano World Press Freedom Prize, Weimar menneskerettighetspris
Narges Mohammadi på Commons

Narges Mohammadi (persisk: نرگس صفیه محمدی; fødd 21. april 1972 i Zanzjan i Iran) er ein iransk menneskerettsaktivist. 6. oktober 2023 vart ho kunngjord som vinnar av Nobels fredspris i 2023, for kampen sin mot undertrykking av kvinner i Iran og si rolle for menneskerettar og fridom for alle.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mohammadi vart fødd i Zanjan i Iran, og vaks opp i byane Qorveh, Karaj og Oshnavia. Ho er utdanna fysikar frå Imam Khomeini International University, og jobba som ingeniør i Teheran fram til ho vart sparka på politisk grunnlag i 2010. I mange år har ho kjempa mot fengsling av politiske fangar utan rettargang, og for rettane til kvinner i Iran, og har vorte dømt til fengselsstraff og reiseforbod for dette. Mohammadi er aktiv i Defenders of Human Rights Center i Iran, og i Iran National Peace Council. Ho vart arrestert i september 2011, og dømt til fengsel i 11 år for propaganda mot staten. Per oktober 2023 har ho vorte fengsla 13 gongar, og dømt 5 gongar. Til saman er ho dømt til 31 år i fengsel og 154 piskeslag. Per oktober 2023 sitt ho i Evin-fengselet, som vert rekna som det mest berykta fengselet i Iran.[2]

Mohammadi er gift med journalisten Taghi Rahmadi, som òg er menneskerettsaktivist, og per 2023 bur i eksil i Frankrike. Dei har to born saman, som bur med faren sin i Frankrike.[2][3]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Mohammadi vart tildelt Per Anger-prisen i 2011.[4] I 2023 vart ho tildelt Olof Palme-prisen og Nobels fredspris.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Nobel fredspris 2023» (på engelsk). Den norske nobelkomiteen. Henta 6. oktober 2023. 
  2. 2,0 2,1 Jomana Karadsheh og Adam Pourahmadi. «Jailed Iranian activist Narges Mohammadi speaks out against sexual violence against women» (på engelsk). CNN. Henta 6. oktober 2023. 
  3. Saeed Kamali Dehghan. «Iranian activist Narges Mohammadi jailed for 11 years» (på engelsk). The Guardian. Henta 6. oktober 2023. 
  4. «2011: Narges Mohammadi» (på svensk). Forum för levande historia. Henta 6. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Narges Mohammadi