Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, eller berre Nynorsksenteret, vart opna av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet 30. mars 2005 og er lokalisert til Høgskulen i Volda. Senteret er administrativt knytt til høgskulen, men fagleg til Utdanningsdirektoratet.

Senteret skal drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa, først og fremst retta mot innhaldet i faget.

I følgje pressemelding frå dåverande Utdannings- og forskningsdepartementet skal Nynorsksenteret «leie og koordinere arbeidet med å utvikle innhaldet, arbeidsmåtane og vurderingsformene i nynorskdelen av norskfaget, tilby skoleeigarar og skolar støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, setje i verk systematisk forsøks– og utviklingsarbeid for å fremje opplæring i nynorsk [og] medverke til kompetanseutvikling».[1]. Kvart år får så Nynorsksenteret spesifisert ein del konkrete arbeidsoppgåver i eit eige oppdragsbrev frå Utdanningsdirektoratet. Oppdragsbrevet gjeld alle nasjonale kompetansesenter, og Nynorsksenteret skal særleg samarbeide med Lesesenteret og Skrivesenteret.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pressemelding frå Utdannings- og forskningsdepartementet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]