Naturressursrekneskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naturressursrekneskap er eit oversyn over faktisk og total bruk av naturressursar i løpet av eit år.

I Noreg blir det i dag ikkje ført eit slikt heilskapleg nasjonalt oversyn over bruken av naturressursar, med det blei foreslått av eit statleg utval i samband med etableringa av Miljøverndepartementet i 1972. I det årlege nasjonalbudsjettet blir det i dag gjort ei vurdering av tilstanden på 17 indikatorar for berekraftig utvikling. Kvart år kunngjer SSB eit samla oversyn over ressurs- og miljøstatistikk, og sidan 2010 har Direktoratet for naturforvalting gjeve ut ein rapport om naturmangfaldet i høve til ein naturindeks. Likevel har ingen av desse til føremål å gi eit totalt oversyn over naturressursane og bruken av dei.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ottar Julsrud: Mellom himmel og jord. Unipub 2012.
  • Bredo Berntsen: Grønne linjer; natur- og miljøvernets historie i Norge. Unipub 2011.
  • Kristin Asdal: Knappe ressurser. Universitetsforlaget 1998.
  • Alf-Inge Jansen: Makt og miljø. Universitetsforlaget 1989.